Skrive av Arbeidsgruppa for Sunnivahallen, Marilyn Osmundsvåg, Kristoffer Hove, Atle Riksfjord, Magne Fure og Stig Ødegaard.

«Det er med undring vi lyttar til at økonomisjefen i Stad kommune innleiar presentasjonen av prosjektet Sunnivahallen med at han i media har lest at Backe Idrettsbygg seier at dette prosjektet ikkje skal koste kommunen noko (Backe Idrettsbygg er altså det eksterne private firmaet som har «selt seg inn»). Vi lurer på kva medium han har lest dette, for det har altså ikkje rot i røynda. Det er heller ikkje blitt retta oppklarande spørsmål til verken oss eller Bakke idrettsbygg om dette.

Det står tydeleg i invitasjonen frå Selje IL at Stad kommune må forplikte seg til tenestekjøp, lånegaranti, forskuttering av spelemidlar, og stå for den tekniske drifta av symjedelen av hallen.

Ingen har sagt at dette skulle være gratis for kommunen. Det som vi og Backe idrettsbygg har uttalt, er at vi meiner å kunne klare å realisere Sunnivahallen til om lag same kostnad som eit opplæringsbasseng på Selje skule. I kostnadsoversikta utarbeida av Asplan Viak (eit anna eksternt firma, som også har fått betalt for jobben) syner at eit 12.5 meter opplæringsbasseng på Selje skule har ein kostnad på 87,3 millionar inklusive spelemidlar og eks mva. Selje IL sitt alternativ er ei langsiktig gjeld på 93 millionar.

Dermed opplever vi at økonomisjefen har missa heile rasjonaliteten bak dette initiativet. Heile hensikta med invitasjonen var å presentere eit alternativ til eit opplæringsbasseng til om lag same kostnad, men som hadde dekka innbyggjarane i den ytre delen av kommunen sitt behov for både ein symjehall, idrettshall og ein kulturmøtestad.

Så, når alt dette er sagt, har vi forståing for at Stad kommune har ein utfordrande økonomi, og at dette kanskje ikkje er tida for å forskottere verken spelemidlar eller momskompensasjon. Det er ei heilt ærleg sak som vi tek på alvor. Men at økonomisjefen i klare ordelag hevdar at vi kjem med uriktige opplysningar, og at vi forsøker å framstille prosjektet for noko anna enn det faktisk er,  kan vi ikkje la stå uimotsagt.

Avslutningsvis vil vi legge til at historia er full av eksempel på at idéar som i utgangspunktet har vore «for gode til å vere sanne», faktisk lever i beste velgåande.