Av Rita Tonning, 2.kandidat fylkestingsvalet, Raudt Vestland

Åslaug Haga er leiar i vindkraftutbyggarane sin organisasjon Fornybar Norge.

Ho gjer sjølvsagt jobben sin og frontar mest mogeleg utbygging av vindkraft. Men det må påpeikast når ho til dei grader går over streken slik ho gjorde i eit innlegg i bl.a. Fiskeribladet og Firdaposten nyleg. Ho presterer å påstå at havvind no er vår største fornybare eksportindustri med ein verdi på 30 mrd i 2021. Ein påstand eg svært gjerne skulle ha fått belagt med fakta. I 2021 var det, så vidt meg bekjent ikkje sett i drift eit einaste havvindanlegg i norske farvatn utanom 1 –ein- forskingsturbin utanfor Karmøy.

Vår største fornybare eksportindustri er og blir fisk.

Eksportverdien av norsk sjømat var i 2021 over 120 mrd. I 2022 steig den til over 150 mrd. Som tidlegare toppolitikar for Sp og talsperson for primærnæringane veit jo Haga dette svært godt. At ho likevel kjem med slikt som dette tener ho lite til ære.

Vi er mange som er svært bekymra for havvindindustrien sin påverknad på norsk fiskerinæring. Det handlar både om dei skadeverknadane sjølve turbinane kan ha på miljøet i havet, men også det at fiskarane enno ein gong vert taparane og bortviste frå dei fiskebankane og havområda dei driftar på i dag.

I innlegget frå Haga kjem også den stadig gjentekne påstanden om at havvind kan gje oss lågare kraftprisar. Korleis dette skal skje vert aldri forklart. Havvind er svært dyr å byggje ut. Skal den vere lønsam må det bygge på at kraftprisen held seg stabilt høg. Det einaste som då er lønsamt for utbyggarane er dei store, svært store,  statssubsidiane som skal betalast ut. Og gjerne til utanlandske eigarar. Det er vel ein slags eksportverdi det og.