Av Alfred Bjørlo, Stortingsrepresentant for Venstre

Appell ved markeringa av 2-årsdagen for Russland sin fullskala invasjon av Ukraina i Operahuset Nordfjord.

Først av alt: Takk til de som har fått dette arrangementet i stand her i Operahuset Nordfjord, og gitt oss mulegheiten til å vere saman på denne spesielle dagen.

Dette er – mest av alt - ein vond dag. Den 24. februar 2022 kasta Russlands diktator Vladimir Putin all folkerett til side og starta sin fullskala invasjon av Ukraina.

I dag markerer vi dermed 2-årsdagen for dei mest omfattande krigshandlingane på europeisk jord sidan 1945.

Sidan då har vi lært å kjenne eit land og eit folk med eit mot og ein vilje som overgår det vi i fredelege Norge er i stand til å fatte.

Ein av Putin sine fortellingar for å rettferdiggjere krigen er at Ukraina ikkje er eit land. At ukrainarane ikkje er eit folk.

Kjære venner, vi veit at det Putin seier er løgn. Ukraina er eit land med ei stolt historie og med eit folk som står saman. Og vi – vi står saman med dykk.

For den krigen Ukraina har ført dei to siste åra, er ikkje berre Ukraina sin krig. Det er også vår krig. Dei verdiane Ukraina kjempar for: Demokrati, europeisk fellesskap, likeverd og menneskerettar – det er ein diktator som Putin sitt verste mareritt.

Putin er redd. Putin er feig. Putin er villig til å sende millionar av sine landsmenn i døden for å «stoppe verden» og hindre fridom. Hindre folk og land i å velje si eiga framtid.

Mellom Putin og suksess står Ukraina.

Og kjære ukrainske venner – la meg seie dette i dag: Det ER krevjande tider også i Noreg. Mange i vårt land har dei siste to åra bekymra seg over høgare straumprisar, dyrare varer, høgare rente.

Og det er reelt nok. Men dei offera VI betaler for krigen som rasar på vårt kontinent, er ingenting mot kva det ukrainske folket gjennomgår.

Det ukrainske folket betaler med blod. Med titusenvis av tapte liv. Med millionar av menneske på flukt. Med eit bomba og minelagt land. Med ei konstant frykt for framtida.

Ukraina sine offer for at vi alle kan bevare vårt frie samfunn, er enorme. Det minste vi no kan gjere, er å stille opp og hjelpe. Finansielt, økonomisk, militært, moralsk. Endå meir enn i dag.

For Putin må ikkje få vinne denne krigen. Ukraina må vinne krigen – og vi i det frie Europa må gjere det vi kan for å hjelpe. Det betyr at Noreg må auke forsyningane av våpen og ammunisjon til Ukraina – og gi meir pengar til at Ukraina sjølv kan skaffe det.

Eg har dei siste to åra representert Sogn og Fjordane og partiet Venstre på Stortinget, etter ti år som ordførar her i Eid og Stad.

Eg vil alltid bere med meg minnet om å sitje i Noregs nasjonalforsamling og høyre Ukrainas president Volodomir Zelenskyj tale til oss og det norske folk. Først over video i krigens første fase i mars 2022, og så i levande live i desember 2023.

I talen i mars 2022 sa Zelenskyj noko som eg har lyst å gjenta her i dag – ord som eg har gøymd i mitt hjarte. Han sa:

«Kvart år på grunnlovsdagen 17. mai arrangerer de i Norge ei svært høgtidelig feiring – barnetoga. Born frå heile Norge er med. I år vil også VÅRE born gå saman med dykkar born. Ukrainske born som er komne for å få beskytting og tryggleik.

Og eg håper at snart, når vi klarer å gjenopprette freden i Ukraina saman - vil eg kunne invitere dykk og barna dykkar til å delta i eit barnetog i Kyiv på en av våre festdagar. For å feire vår felles fridom, vår felles rett til ei lukkeleg framtid for borna våre. I fred. I Ukraina. I Europa.»

Kjære norske og ukrainske venner. Det er dette det handlar om. No er krigen inne i ein kritisk fase. No må vi igjen minne oss sjølve på kva som står på spel. Om Putin vinn fram i Ukraina er det ikkje berre det ukrainske folket som vil lide. Dette kjem til å endre heile Europa. Europa – og Noreg – må ikkje kvile no.

Vi – alle vi – er i eit skjebnefellesskap med Ukraina. Det er NO vi må stå opp for verdiane vi ellers snakkar fint om i festtaler – demokrati, fridom og menneskerettar. Det er det krigen handlar om.

Igjen, takk for at eg fekk kome hit i dag. Det betyr mykje å få lov å snakke til dykk i dag, sjølv om omstendighetane er vonde.

Men det er i det minste godt å samlast til ettertanke og i fellesskap.. Eg håper de - våre ukrainske venner - bringer heim en bodskap om samhald og ein tydelig beskjed: De står ikkje aleine. Vi er uendelig takknemmelige for heltemotet og offervilja det ukrainske folk viser – på vegne av oss alle. Og vi skal stille opp – til Ukraina igjen er eit fritt land.

Ukraina skal og må vinne. Slava Ukraini.

Hjarteleg tusen takk for meg.