Dette lesarinnlegget er skrive av Helge Sæthre.

Vegen som buktar seg fram kring halvøya om lag 20 km, kan by på det meste av det dårlege vegar i Noreg kan skilte med. Idet du passerer brua over Eidselva, merkar du straks overgangen frå sentral sivilisasjon på Eid til utkantstroka i provinsen.

Tronge, holete og "lappa" asfaltvegar som trengjer seg fram kring nut og hamar, gjennom tette tun utan plass korkje for gåande eller andre mjuke trafikantar. Gul stripe vil nok for alltid vere ein våt draum, og sentrale styresmakter tenkjer nok dei motstridige bebuarane langs vegen, må vere nøgde med dei kvite,- ytterst langs vegkanten som syner at det faktisk er plass til personbilar imellom.

Bussar er sjeldsynte; og takkar vel for det når bakhjula mange stader må utafor asfaltkanten !

Ein dansk trailer-sjåfør som stolte blindt på GPS´n, forvilla seg ein sumar inn på vegen. Han visste ikkje anna råd enn å køyre heilt til endes, i Krokjen der vegen sluttar. Her brukte han 2-3 timar på å snu inn på ein gamal tømmerveg.

Manglande vegstell kan og gje store utfordringar for ferdafolk. Berre flaks har t.d. hindra alvorlege utfall av ulukker på strekninga.

Ettersom den smale vegen kranglar seg fram langsetter fjorden, kan ein få mange overraskingar. Møtande bilar, hjort og lokale husdyr er ikkje uvanleg.

Fleire stader bør ein elles halde tunga beint i munnen, t.d. ved passering av Gjølshamaren. Men fordi ibuarane langs vegen køyrer med medvit, og dei samstundes er uthaldande andsynes lovnader frå politikarar, har utbetring av vegen til Torheim vorte skove lenger og lenger ned på prioriteringslista for Vestland og tidlegare S&F.

Mange lurer nok på om det kan vere andre grunnar til at folk slår seg ned på Torheim enn spenning ?

Dei som freistar finne det ut og vitjar bygda, vil i klårvér få eit utsyn som det knapt finst andre stader. Fjorden, fjella og fossane som grunna snøsmeltinga delvis har brusa på gamlemåten denne veka, er åleine verdt turen.

Då vil dei og forstå kvifor nokre har halde ut. Og vi som av og til kjem når det høver, vi vil dit og tek difor turen som ei utfordring. Men for bygdefolk er dette er einaste veg ut av bygda. Eg vil tru at det av og til kan ta på nattesvevnen for nokre.