Av: Kristian Starheim, Stad MDG

I denne konflikta mellom vern av sårbar natur og framleis taretråling oppmodar Miljøpartiet Dei Grøne til å vere føre-var i hausting av tare i Nordfjord.

Bærekraft må vere ramma for all utnytting av naturressursar. Tareskogane er heilt sentrale økosystem langs kysten vår, og er eit viktig fundament for mange fiskebestandar. Det er stor usikkerheit kring kva effekt taretråling har, og vi har fleire eksempel der overhausting har gitt store øydeleggjingar.

 Allereie utan tråling er tareskogane utsette i åra framover. I møte med eit varmare hav som følge av klimaendringar er tareskogane sårbare. Det er difor særlig viktig å beholde hardføre økosystem som sikrar framtidige fiskerinæringar. Det inkluderar tareskogar som kan tole eit endra klima. Det er nødvendig for livet langs kysten, og for bærekraftige fiskerinæringar.

Noreg har nylig forplikta seg til Montreal-avtala der vi skal ta vare på 30 % av naturen under vatn innan 2030. Betydelige delar av tareskogane kan difor verte verna. Dette kan innsnevre moglegheitene til å drive bærekraftig og lønsam hausting av tare – særlig om ein allereie har starta hausting. Sparar vi tareskog i dag har vi større spelerom til at dette kan vere ei næring i framtida. Vi må difor vere føre-var og la tareskogane være – for bærekraftig natur og næring også i framtida.