Av Jon Askeland, fylkesordførar, og Sigrid Brattabø Handegard, gruppeleiar Sp:

Korleis ein vektar nedbygging av natur, klima og næringsutvikling, er avhengig av om ny kraftproduksjon går til rein eksport, eller om ein også i framtida skal kunna nytta krafta som ein konkurransefordel for nye grøne arbeidsplassar i vestland og Norge.

Det var bakgrunnen for at Sp i Fylkestinget vedtok å utsetja deler av Plan for fornybar energi i Vestland ,som omhandlar ny produksjon, til etter Straumprisutvalet har levert si innstilling 15. oktober.

Deltema som omhandla linjenettet, kunnskap og innovasjon vart vedteke. Samstundes som det skal utarbeidas ein strategi for energisparing.

Fleirtalet (Sp, Ap, Sv, V) sende denne uttalen til Regjeringa:

«Ny energiproduksjon må vera ein konkurransefordel for norske grøne arbeidsplassar

Scenario og samarbeidsprosjektet Grøn Region Vestland har avdekka eit potensiale på 24 000 nye arbeidsplassar, 55 prosent CO2 reduksjon og 40 mrd auke i eksport i Vestland innen 2030. Arbeidsplassar med utgangspunkt i våre fortrinn og ressursar, som havbruk, grøn skipsfart, energi, reiseliv, teknologi og sirkulære modellar.

Over 80 prosent av desse arbeidsplassane har behov for meir energi.

Det vil derfor være viktig å sikre utbygging av både ny produksjon og linjenett, kombinert med energieffektivisering og regulering.

Fylkestinget deler målsetjinga i Hurdalsplattforma der det er slått fast at konkurransefordelen vi har hatt i Norge med låge straumprisar skal vidareføras, noko som er ein viktig føresetnad for å utvikla attraktive lokalsamfunn og lønsomt næringsliv i heile landet.

Næringslivet betalar no prisen for høge straumprisar.

I vårt prisområde har straumprisen direkte sammenheng med den stadig tettare tilknytningen til Europas energimarknad, særleg med dei to siste likestraumkablane til Tyskland og Storbritannia. Konsesjonen er gitt for kraftutveksling ikkje for eksport.

Dette er i direkte strid med prinsippa i EUs energimarknad, der målet er like energiprisar i heile marknaden.

Vestland Fylkesting imøteser difor Ekspertutvalet sitt arbeid for å sjå på prisdanning, regulering og handlingsrom innan kraftsektoren, og dermed kunna følgja opp måla i Hurdalsplattforma om rein fornybar energi som grunnlag for auka verdiskaping og ein konkurransefordel for Norske arbeidsplassar.

Fylkestinget i Vestland bed Regjeringa ha full trøkk på dette arbeidet, slik at ein veit kva premiss som ligg til grunn når ein skal ta stilling til ny kraftproduksjon .

Vestland har ofra mykje natur for å sikra samfunnet energi gjennom tidene.

 Om krafta går til rein eksport, eller krafta kan styrast for å sikra norske arbeidsplasser, vil ha betydning for korleis ein vektar natur, klima og verdiskaping i denne type saker.»

Den EU venlege Høgresida og R omtalar dette som feigt, vi misser verdifull tid og peikar på den handlekraftige Eu kommisjonen.

Det lever me godt med. Det ligg etter vår kunnskap diverre få prosjekt og ventar på handsaming hjå NVE. Det går ingen GWH tapt av denne utsetjinga. Kanskje høgrepartia skulle hatt noko meir fokus på nasjonal styring og behovet for meir fornybar energi i sine åtte år i regjering?

Etter Senterpartiet sitt syn er det derimot ansvarleg og klokt å vita premissane for det ein skal ta stilling til i viktige avvegingar, ikkje feigt.