Av Hans Christian Hansen, ordførarkandidat Stad SV:

Svar til Stad idrettsråd om ståstad for organisert idrett

I samband med kommuneval hausten 2023 ynskjer Stad idrettsråd å kartleggje korleis dei ulike politiske partia i kommunen stiller seg i spørsmål som er sentrale for det idrettspolitiske arbeidet i kommunen.

Som ny i kommunepolitikken i Stad kommune, er det mange saker eg ikkje har kjennskap til. Eg veit ingenting om forhistoria når det gjeld akkurat desse spørsmåla som vert stilt her.

Men eg veit ein del andre ting frå tidlegare tider, og eg veit ein del om situasjonen til kommunen og nasjonen vi bur i. Og eg veit korleis SV stiller seg til idrett. Og i innleiinga vil eg sitere SV si haldning kort.

«Alle mennesker skal ha mulighet til å delta i idrett og vere fysisk aktive gjennom livet»

Eg husker godt idretten på 80 talet her i Nordfjord. Det var innandørsstemne, med stille lengde og høgde, det var vektløftar konkurransar, og skyttarlag var oppe og gjekk. På musikkfronten song alle Pink Floyd, Bonnie Tyler eller Dire Straits, og det var gøy. Men først og fremst var det fotball, herre og dame og yngre klasser det handla om. Og alle som ikkje dreiv på med idrett, ja dei spelte i skulemusikken, nesten i alle fall.

Alle bygder hadde eit fotballag, mange bygder hadde fleire fotballag. Men dette var før alvoret råka bygda. Vi hadde det moro, og vi var i relativt godt form. Og vart du god nok kom talentspeidarar frå Eid, Vågsøy og Selje og tok med seg dei beste.

Og sakte men sikkert gjekk det frå å vere moro, til det å skulle vere best for ein kvar pris. No 40 år seinare ser vi resultatet. Det har blitt mange bygder som ikkje kan, eller ikkje vil stille fotballag. Det same ser man mange andre stadar i Noreg i dag.

Kretsen innførte midtveke kampar, noko som viste seg å vere eit kjempestort problem for alle lag i utkantar, lag der det ikkje var vidaregåande skule. Mange av desse laga er i dag berre ein historisk atributt.

Idretten i dag må kjempe mot andre krefter enn vi såg på 80-talet. Desse kreftene heiter Playstation, X-boks, Nintendo, IPhone, Pc og smart-TV. Vi derimot hadde berre fasttelefon og NRK. Difor ville vi ungdommar heller vere på løkka og spele fotball.

Situasjonen i dag er ikkje enkel for mange idrettslag. Det gjeld stort sett over heile landet. Det er ikkje bra. For idrettslaga gjer ein god jobb, der det meste er dugnadsånd. Ein mentalitet som heng igjen frå etterkrigsåra, der det var sagt at på dugnad skal landet byggjast. Noko som har vore, og er bra for fellesskapet i Norge. Og dugnadsarbeid for felles beste er noko kommunen kan vere med å bidra til.

Staten og alle politiske parti snakkar mykje om folkehelse. Og eg vil poengtere at folkehelse er noko heilt anna enn idrettsprestasjonar. Folkehelse er for alle, idrettsprestasjonar for nokre få.

For å komme inn på Stad idrettsråd sin førespurnad til alle parti før valkampen. Før vi i SV veit at idrettssatsingar ikkje vil gå utover viktige ansvarsområde som skule, helse og omsorg, vert det vanskeleg å svare konkret. Idrettslaga bidrar mykje til folkehelse, ved at skule og oppvekstmiljø får bruke idrettsanlegga.

Ein annan viktig ting midt oppi det heile, er som ein kar sa til meg; « å byggje noko er ein ting, men å drifte det vidare er ein annan» Dette gjeld fleirbrukshaller, fotballhallar og symjebasseng. Basseng er dyrt å drifte, og hall er vanskeleg å forsvare med eit så lite folketal som vi har.

Campus Fosshaugane vart bygd i den tida eg budde i Sogndal. Det var spennande, og det var kostnadsberekna til 800 millionar kroner. Men då var fotballhallen på plass frå før. Sogndal har både vidaregåande skule og Høgskule som i lag med grunnskulen og mange ulike bedrifter fylte alle rom.

Men dette splitta til dels bygda, der fotball sto i førarsete, og all annan idrett vart pressa ut i kanten. Dette veit eg mykje om, for eg var i styret til skyttarlaget, eit av dei beste i landet ei lang periode. Men etter Campus vart ein realitet gjekk dette sakte nedover. Det var ikkje plass for anna enn fotball.

Fotballen i Sogndal er i dag hovudsakeleg basert på idrettsprestasjonar og sal av billettar og spelarar. Slik trur eg ikkje det kan bli i Stad kommune. Til det har det vore for mange motsetningar mellom dei beste laga og dei nest beste laga i 40 år.

SV vil bidra til å fremje folkehelse og idrett for barn og unge så langt den økonomiske situasjonen i kommuna tillet det. For oss er det vikig at resursane vert jamt fordelt i alle deler av kommunen og det vil vi vere med å bidra til.