Av Hans Christian Hansen, Stad SV:

Tilsvar til Anders Lien`s innlegg om manglande vilje, ikkje økonomi stoppar Bryggja omsorgssenter og Sunnivahallen.

Alle parti leverte budsjettforslag i forkant av Finansutvalet`s møte fredag 01. desember. Og alle parti så nær som SP, AP og H gjekk inn for å prøve å berge Bryggja omsorgssenter. Og det er desse partia som sit med fleirtal både i kommunestyre, finansutval og formannskap. I tillegg har dei alle utvalsleiarane.

Skal noko kunne gjerast må tre personar bytte side i den debatten som ser ut til å segle opp i kommande kommunestyre, for posisjonspartia har 18 mandat, medan opposisjonen har 13.

FRP, KRF, INP,SV og MDG har ein dialog om å einast om eit budsjettforslag, slik at kan bli lettare å få nokon frå dei andre partia til å snu for å få fleirtal. Men det blir ikkje enkelt.

Politikaropplæringa som vart gitt har lite med dette å gjere, kommuneleiinga som jobbar i Stad kommune veit at det er vanskeleg å sette seg inn i alt, og i år er det mange nye, meg sjølv inkludert. Og eg sette stor pris på den opplæringa som vart gitt. Penn og papir er erstatta av PC, og det fører med seg ei rekkje opplæringsnødvendige tiltak for å få dette på plass.

Artikkelen din inneheldt mange veldig gode råd, noko i alle fall eg skal ta med meg. Fleire av dei har eg og fått frå andre kantar.

Og det er klart at det kan sparast inn og om fordelast på mange hold. Men så lenge det ligg ein baktanke om ein sentraliseringsprosess på bordet fryktar eg at det vi no ser starten på, so vidt har starta. Kva skal vekk i neste omgang? Eg vil tru at skuledebatten blomstrar opp på nytt. Kva då?