Av Audun Bjørlo Lysbakken, stortingsrepresentant, SV:

Sjølv om dette er den praktiske konsekvensen av politikken til Bjørlo og Venstre, er det ikkje særleg sakleg å hevde at han ikkje bryr seg om landsdelen han kjem frå. Eg ville ikkje skrive dette om det ikkje var Bjørlo sjølv som starta debatten med ein djupt usakleg påstand om at SV vil «ha vekk» lokalt eigde små og mellomstore verksemder. «Dermed seier SV også farvel til Vestlandet slik vi kjenner det», skriv han i innlegget sitt retta mot oss.

Eg trur vi alle tener på å diskutere politikk på ein meir jordnær og konstruktiv måte, enn kva Bjørlo legg opp til. Både Alfred Bjørlo og eg er stolte vestlendingar. Også vestlendingar kan vere ueinige om kva slags politikk landet treng. Det er ein stor feil å framstille krav frå einskilde rike menneskje om lågare skatt på formue, som eit viktig krav på vegne av Vestlandet. For det første er det altså slik at gjennomsnittleg formue er størst i Oslo og Akershus, ikkje i Vestland. For det andre er det slik at forskjells-Noreg er akkurat like verkeleg og urettferdig i vest som i resten av landet.

Forskjellane i landet vårt har auka i mange år, fordi dei rikaste har dratt kraftig frå resten av folket. Det er svært rimeleg at dei no må bidreg litt meir til fellesskapen. Pengane vil SV mellom anna nytte til å sørge for at fleire familiar får gratis SFO, at tannbehandling vert billegare og at menneskjer på uføretrygd, minstepensjon og andre låge ytingar får litt meir å leve av.

Det er ikkje vanskeleg å vere rik i Noreg, og Noreg er eit godt land å drive næringsverksemd i. Skattinga av kapital er ikkje spesielt høg i Noreg samanlikna med andre europeiske land. Det er difor Alfred Bjørlo har eit forklaringsproblem når han meiner lågare skatt for dei rike er viktigare enn betre velferd og sosial rettferd.