Av Paul Jacob Helgesen, gruppeleiar, Stad Sp

Det er gode grunnar for at Stortinget har vedtatt at skipstunnelen skal byggast. I tillegg til å sikre tryggleiken for transport langs kysten vil tiltaket vere som natt og dag når det gjeld logistikk og moglegheita til å verkeleg nå målet om å få meir gods frå bil til kjøl. Dette vil spare vegane, og gjere vegane tryggare også. Og ikkje minst vil det ha stor positiv innverknad på miljøet.

Dette er difor ei investering som landet ikkje har råd til å vente med!

For Stad kommune som vertskommune er dette også svært alvorleg.

Stad Skipstunnel er eit nasjonalt prosjekt som er viktig for heile kysten og landet. Det er lagt stor vekt på at tunellen skal gi mest mogleg positive ringverknadar. Ei berekraftig utbygging av Stad Skipstunnel inkludert handtering av steinmassar krev involvering og samarbeid med lokale og regionale myndigheiter og næringsliv.

Tidlegare Selje kommune og no Stad kommune har nytta mykje ressursar i fleire år allereie. Og er midt i kostnadskrevjande prosessar for nettopp å sikre at bygging av skipstunellen skal gi mest mogleg positive ringverknadar i samfunnet.

Dagens nyheit er såleis både skuffande og særs provoserande! Eg trur både det offentlege og private aktørar fryktar at investeringar skal gå tapt når ein får ei nyheit som i dag.

Stortinget har vedtatt bygging av tunellen. Regjeringa bør tenke på korleis dei skal sikre si eiga truverd, og eit konstruktivt samarbeid og engasjement med lokale og regionale myndigheiter knytt til dette nasjonale prosjektet med måten Regjeringa går fram på. Vi treng forsikringar om at tunellen blir bygd!

Ein kan ikkje la lokalsamfunn, kommunar og næringsliv leve i eit vakuum der gulrota stadig vert flytta litt lenger vekk.