Av Utdanningsforbundet, Jorunn Tavares Kårstad, klubben ved Firda vgs.:

Først vart det foreslått at Studiespesialiserande vert lagt ned på skulen, og no er det foreslått at skulen ikkje skal starte opp med dans og drama VG1 til hausten 2024. Dette er foreløpig eit forslag og vi kjem til å jobbe hardt for at dette ikkje vert vedtatt. Det er eit uheldig forslag og er med på å undergrave det gode arbeidet vi gjer her på Firda i kulturfaga.

Vi treng estetiske fag på Firda. Firda har ein lang tradisjon med å tilby musikk, dans og drama som studietilbod på skulen. Den einaste skulen i fylket som tilbyr alle tre tilboda. Desse tre studietilboda jobbar saman. Dei har fag saman, dei set opp musikalar saman og dei er med å bygge eit miljø innan for kultur her på skulen og i bygda. Ungdom og barn frå fylket blir invitert inn på musikal, teater, danseførestillingar og workshops kvart år. Programområda tilfører viktig kunnskap til barn og unge i fylket og gir dei opplevingar og erfaringar dei elles ikkje ville fått. Det er ikkje berre eit utdanningsprogram, men eit danningsprogram for barn og unge.  Dette er viktig og ein tradisjon vi MÅ halde fram med.

Vi treng estetiske fag i distrikta. Om forslaget vert vedtatt blir dei fleste kulturfaga i fylket lagt til Bergen.

Med andre ord må elevar som ønsker å gå desse studieretningane reise til byen. Dette er sentralisering og er med på å gjere det vanskelegare for kulturlivet i distrikta. Gloppen er kjent for å vere ein kulturkommune. Dans- og drama-linjene er med på å skape denne kulturkommunen, og ikkje minst kulturfylket, i og med at dei fleste elevane på linja kjem frå store deler av fylket. Dei siste åra har danse-linja reist rundt i fylket slik at ungdom får sjå og prøve scenisk dans. Tilbodet om å sjå profesjonell dans er nesten ikkje-eksisterande i distriktet. Difor er det viktig at elevane våre har moglegheita til å dele opplevinga av dans og drama med andre. Det er trist om elevane no må reise heilt Bergen eller velje studietilbod som ikkje passar dei.

Vi treng estetiske fag på nynorsk. Dersom alle estetiske fag vert lagd til byen, vil dette også vere med å svekke nynorsken sin plass i kulturen. Det er få skular i Bergen som er nynorsk-skular, og estetiske fag som drama, vil då stort sett eksistere på bokmål. Dette er ikkje ei utvikling vi ønsker.

Vi treng estetiske fag i samfunnet. Dans- og dramalinjene legg ikkje berre til rette for framtidige skodespelarar og utøvande dansarar. Elevar som går dans eller drama får ein kreativ kompetanse som er unik. Dei får utfolde seg gjennom kunsten og sette kunsten i eit samfunnsperspektiv. Dei får kompetanse i formidling, kommunikasjon, samarbeid, arbeid i prosess og pedagogikk. Elevane får utvikle leiarevner, dei får øve seg på å opptre framfor eit publikum og dei er med på å gi eit viktig kulturtilbod til befolkninga. Å legge ned dette tilbodet vil vere eit tap. Ikkje berre for Firda, men for Gloppen, og fylket.