Av Judith Kvåle, ordførerkandidat Ap:

I høve ferdigstilling av plan for Helse og Omsorgstenester er det viktig at Stad kommune spelar på lag med dei pårørande. Mange menneske skal bu heime med bistand frå kommunen lenger enn før, og dei pårørande er ein svært viktig del av denne omsorga. For mange pårørande er det ei vanskeleg og krevjande rolle å sjå den dei er glad i ha behov for bistand, og vere utsett for sjukdom, og det er då viktig at vi som tenesteleverandør er merksame på utfordringane, og viser også i handling at vi ser kor viktig pårørande er for både pasienten, men også tenesteapparatet.

Eg veit av eiga erfaring at det å yte god omsorg til ein du er glad i, er ein verdi i seg sjølv. Det er ei glede å få høve til å bidra til lindring og nokon augeblikk med auka livskvalitet. Men eg veit og at det har fleire sider.

At det profesjonelle hjelpeapparatet kjem med god og nødvendig helsehjelp er ein uendeleg takksam for, men det medfører også at heimen vert nokon sin arbeidsplass, og at mor eller far, ektefelle eller barn vert nokon si arbeidsoppgåve. Mange pårørande ynskjer i størst mogleg grad å ta så mykje av oppgåvene rundt den dei er glad i sjølv - kanskje for å behalde mennesket mest mogleg hjå seg.

Det er ei tid og ein prosess med mykje kjensler, og det er for mange ein utmattande prosess. Akkurat av den grunn er det viktig at pårørande kjenner seg sett og verdsett i ein kvardag med belastning. Omsorgsløn frå kommunen er ei slik anerkjenning som pårørande med særskild krevjande deltaking i pleie og omsorg av dei næraste kan søke om.

Når ein vedtek å innføre omsorgsløn er det viktig at vi når dei måla vi har sett politisk. For dette er helsepolitikk på sitt mest konkrete. Og målet er at pårørande skal kjenne seg sett og anerkjent i ein situasjon som elles er prega av store omsorgsoppgåver.

Arbeiderpartiet har i dag bede utval for Helse og Omsorg om å få reglementet for omsorgsløn, med bakgrunnsfakta frå gamle Eid og gamle Selje kommunar, samt reglementet frå gamle Vågsøy som Bryggja låg under,  opp i utval for Helse og Omsorg til neste møte den 7. juni for evaluering.

Administrasjonen har gjort eit stort og godt arbeid i å samstemme desse tre regelverka, det er no snart 1,5 år sidan vedtaket, og planen er at den skal evaluerast. Det er på tide å sjå om vi når måla våre.