Av Stad ungdomsråd:

Vi har det villaste, lengste, største, tøffaste og det fagraste. Vi har “alt i ein fjord”, men har vi eigentleg det viktigaste? Det som burde vore viktigare enn å vere både størst og tøffast.

Har vi som region eigentleg evna til å samarbeide, for å halde ved like det vi har og bygge kvarandre opp?

Vi i Stad ungdomsråd har medlemmar på alle dei fire skulane i Nordfjord, og fire av oss går linjer som no blir foreslått å legge ned.

Som ungdom og vgs – elevar vil vi gjere vårt beste for at regionen kan ha ei positiv utvikling og eit godt samarbeid, som kan kome alle til gode. Heilt ifrå Ervika i havgapet og inn til Hjelle ved foten av Strynefjellet.

Hittil har debatten om skulestruktur vore meir prega av splittelse og krangling. Forslaga om skulestrukturen er openbart ikkje positivt for regionen, og med denne “skyttergravskrigen” i tillegg blir det sikkert ikkje vanskeleg å sende Nordfjord “rett vest”.

Vil ein ha ei utvikling og ei framtid som blir best mogleg for flest mogleg, so må vi opp av denne “skyttargrava”, sette oss ved same bord og vise at “alt i ein fjord”, er meir enn store ord og fin reklame.

Vi må satse og bygge på kvarandre, og forstå at arbeidskraft og andre ressursar går på tvers av heile regionen. Vi er avhengige av kvarandre og treng samarbeidet som faktisk gjer det mulig for heile Nordfjord å dra nytte av desse ressursane.

I tillegg til nedlegging av studielinjene i fleire delar av Nordfjord, blir yrkeslinjene òg hardt ramma i tilbodsstruktursaka.

I Måløy er det ei fantastisk linje so unik at det er ei av dei få med dette tilbodet, og nærmaste skule med same tilbod er Knarvik. Ei nedlegging vil vere eit stort sakn for både skulen, og for dei som for eksempel vil bli lakseoppdrettar, helsefagarbeidar eller industrimekaniker. Innafor YSK/TAF linja kan ein nemleg velje mellom akva, helse eller teknologi og industrifag. Dette gir både studiekompetanse og fagbrev etter fire år. Elevane får trygge omgjevnadar, og får smaken på arbeidslivet i tidlig alder, med god variasjon av studie og læretid samtidig. Som ein ser på søkjertala er linja òg veldig attraktiv.

FBIE på Eid vgs. er i tilbodsstruktursaka òg foreslått å legge ned, for å dele opp og flytte til Førde og Bergen. På denne linja har ein alle faga første året (frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign), før ein vel eit fag som ein vil fokusere vidare på.

Linja har eit godt samarbeid med operaen og elevane får fikse hår og alt utstyrt på scena. Det er ei viktig satsing både for linja, operaen og for næringslivet, som alle drar svært godt nytte av. Elevane kjem her tett på næringslivet både innafor og utanfor skulen, og får mykje relevant erfaring heile vegen. FBIE har stadig fleire søkjarar, og skulen samarbeidar mellom anna med bedriftene om arbeidsveke og utplasseringer på fredager.

Industriteknologi på Eid vgs. rekrutterar òg lærlingar og arbeidskraft til næringslivet. No har hovudutvalet for opplæring og kompetanse i fylket vedtatt å ikkje starte opp vg2 industriteknologi i justeringssaka. Nordfjord Opplæringskontor har over 90 medlemsbedrifter, og rekrutterar mellom anna lærlingar herifrå. Som følgje av at elevane må flytte til Florø, vil næringslivet nok ein gang miste viktig arbeidskraft som over tid kan få store konsekvenser for bedriftene og regionen.

Vi håpar at utvalet er klar over konsekvensane desse forslaga kan få, og snur før det er for seint. Ved å flytte linjene til Florø, Førde, Knarvik og Bergen, flyttar ein også elevane. Vi blir pressa inn mot sentrum, medan politikarar ber oss om å velje distrikta. Det vil vi, men vi treng rammene som gjer det mogleg.

Vi i Stad ungdomsråd har ikkje fasiten i hverken tilbodsstruktursaka eller justeringssaka. Vi veit at fylket må prioritere økonomi, og vi håpar at fylket ilag med regionen først og fremst vil prioritere eit samarbeid og positiv utvikling. Først då får vi “alt i ein fjord”, og ein fjord vi kan vere stolte av.