Jordbruksoppgjeret er meir enn eit lønsoppgjer,- det handlar også om beredskap og mattryggleik i ein større samanheng. Likevel er det slik at årets lønnsoppgjer har sett ned eit viktig prinsipp. Reallønsvekst særleg til lågtlønsgruppene. Dette må også gjelde i jordbruksoppgjeret. Vestland har mange små gardsbruk.

Det er stor avstand mellom jordbruket sine krav og statens tilbod. Me ber staten strekke seg så langt råd er for å kome jordbruket sitt krav i møte. Statens tilbod til jordbruksoppgjeret er spesielt svakt for Vestlandet. Landbruket på Vestlandet har dei største utfordringane i bransjen, særleg gjeld dette mjølkeproduksjon og småfeproduksjon, med mindre bruk enn snittet. Vestland fylke har flest mjølkebønder med drift i båsfjøs. I 2021 var over 700 båsfjøs i drift, noko som utgjorde nær 70% av alle mjølkebruk i drift i fylket.

Mange vurderer no avvikling framfor investering, grunna svak økonomi i produksjonen. Vestland fylke har mange familiebruk i dei fleste produksjonane, der mjølkebruka er bærebjelken i distriktslandbruket, og det er mjølkebruka som i stor grad held oppe grunnlaget for fagmiljø, møteplassar, næringsmiddelindustri, service og verkstadar.

Det er viktig at regjeringa no følgjer opp eigne lovnadar i Hurdalsplattforma, og gjev næringa tydeleg prov på at dei tek aktivt grep for å betre økonomien i næringa, og tettar inntektsgapet til andre yrkesgrupper.

Vestland fylkeskommune har tidlegare sendt sendt eit innspel til jordbruksoppgjeret og me stiller oss fullt bak dette, i tillegg ber me regjeringa særleg om følgjande:

– Ramma for jordbruksoppgjeret må aukast

– Mjølkeproduksjon på Vestlandet og i distrikta må særleg styrkast

– Husdyrproduksjonane på Vestlandet og i distrikta elles må styrkjast med særleg vekt på å stimulere til auka grovfôrproduksjon og utmarksbeite

– Auka løyvingane til infrastruktur i skogbruket, særleg til å bygge framtidsretta skogsbilvegar og til å sikre driftsapparatet til taubane.

Helsing

Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland (Sp)

Per Kjøllesdal, ordførar i Stryn (Sp)

Leidulf Gloppestad, ordførar i Gloppen (Sp)

Anne Kristin Førde, ordførar i Bremanger, (Ap)

Ola Teigen, ordførar i Kinn, (Ap)

Jenny Følling, ordførar i Sunnfjord, (Ap)

Kjetil Felde, ordførar i Fjaler, (Sp)

Kjell Eide, ordførar i Hyllestad, (Ap)

Gunn Åmdal Mongstad, ordførar i Solund, (Sp)

Petter Sortland, ordførar i Høyanger, (Ap)

Arnstein Menes, ordførar i Sogndal, (Sp)

Ivar Kvalen, ordførar i Luster, (Sp)

Hilmar Høl, ordførar i Årdal, (Ap)

Audun Mo, ordførar i Lærdal, (Ap)

Trygve Skjerdal, ordførar i Aurland, (Sp)

Roy Egil Stadheim, ordførar i Vik, (Ap)

Hallvard Oppedal, ordførar i Gulen, (Sp)

Per Lerøy, ordførar i Austrheim, (Ap)

Hans-Erik Ringkjøb, ordførar i Voss, (Ap)

Hans Petter Thorbjørnsen, ordførar i Ulvik, (Ap)

Anders Vatle, ordførar i Eidfjord, (Sp)

Roald Aga Haug, ordførar i Ullensvang, (Ap)

Torgeir Næss, ordførar i Kvam, (Ap)

Lars Fjeldstad, ordførar i Osterøy, (Sp)

Hege Eide Vik, ordførar i Vaksdal, (Sp)

Sara Hamre Sekkingstad, ordførar i Alver, (Sp)

Linn Kristin Engø, ordførar i Bergen, (Ap)

Trine Lindborg, ordførar i Bjørnafjorden, (Ap)

Hilde Enstad, ordførar i Kvinnherad, (Ap)

Gaute Straume Epland, ordførar i Stord, (Ap)

Sammy Olsen, ordførar i Bømlo, (Sp)

Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim, ordførar i Etne, (Sp)

Linn Therese Erve, ordførar i Sveio, (Ap)