Av Tora Hodneland Kildehaug, fylkestingsrepresentant Vestland fylkesting (H):

Vi som folkevalde i Vestland fylkesting deler eit stort ansvar. Ei rekke oppgåver ventar på oss, nokre store, andre mindre, men éi oppgåve skil seg klart ut: Å sikre at elevane og lærlingane i Vestland får høgast mogleg kvalitet på si vidaregåande opplæring og moglegheitene til å følge draumane sine.

Tida er difor inne for å innrømme at prioriteringane har vore fullstendig feilslåtte, og at det ikkje lenger er elevane som er i fokus. For etter det siste fylkestingsvalet er det tydeleg at det er elevane i Vestland som har tapt. Mange av dei har blitt fråtekne sin valfridom og moglegheita til å få velje skule sjølv. Det verkar nesten som om ein må tilhøyre Arbeidarpartiet eller Sosialistisk Venstreparti for å tru at elevane i Vestland faktisk har fått fleire moglegheiter etter valet.

Sjølv etter ei rekke forsøk på å tilpasse den noverande inntaksmodellen med over 50 unntak og fleire justeringar, er det klart at situasjonen for elevane våre ikkje har vorte betre. Kva ligg det eigentleg i intensjonen til Arbeiderpartiet, Senterpartiet og SV om å "vidareføre og tilpasse hovudlinjene i dagens inntaksmodell"? Vil ein halde fram med å tillate unntak i ein modell som openbart ikkje fungerer? Dette er spørsmål som mange elevar i Vestland stiller seg, og dei har rett til å få klare svar.

Eg vil difor oppmode fylkesordføraren til å møte elevane personleg, som til dømes elevane frå Bulandet og Værlandet, og forklare at det er politikarane som forvaltar draumane deira, og ikkje dei sjølve. Høgre meiner at elevane i Vestland fortener betre. Dei fortener støtte til sine ynskjer og ambisjonar, i staden blir dei tvungne til å be om unntak for å gå på linja eller skulen dei har øvst ønskelista.

Færre elevar får oppfylt førstevalet sitt. I 2020 fekk 84,3% av elevane i Vestland førstevalet sitt av vidaregåande skule. No har denne delen søkke til 78%. Dette er ei skremmande utvikling, men diverre ikkje overraskande. Trass i at fylket har langt fleire ledige plassar er det altså færre elevar som får ønske sitt oppfylt. Dette viser tydeleg at tida er inne for å innføre fritt skuleval, og å skrote dagens skulemodell.

Vestland kan og bør gjere det betre enn å knuse draumane til elevane våre. Tida er inne for å prioritere elevane og gje dei den vidaregåande opplæringa dei fortener. Høgre skal halde fram med arbeidet for ei framtid der elevane i Vestland kan følgje sin draumane sine, uavhengig av deira bakgrunn eller kor dei kjem frå.