Av Jon Frogner, ordførarkandidat for Stad Venstre:

I Stad kommune har vi ein samfunnsplan der det står at vi skal vere ein distriktspionér, og jobbe for å verte verdas beste vesle stad. Folketalsvekst og rekruttering til kommunen er heilt sentrale mål. Det ligg klare føringar for arbeid med berekraft.

Folketalsvekst fordi…

I valkampen har nokre har spurd om kvifor ein er oppteke av folketalsvekst. Svaret er at fleire folk gir fleire moglegheiter til å skape verdiar, og til å oppretthalde tenester og infrastruktur. Om ein ikkje har ein aktiv politikk for dette vil bygdene og distrikta avfolkast ganske raskt. Årsaka er tradisjonelle sentraliseringskreftar og urbanisering. Dette skjer over heile verda, og mange stader i Norge.

Derfor meiner Venstre at vi må ta til oss det beste av urbaniseringa til Stad kommune. Det inneber at ein nyttar areal på ein effektiv måte, for å sikre matjord og natur, gode bomiljø og næringsareal. I sentra vil vi satse meir på gode, moderne fellesløysingar, til dømes eit betre kollektivtilbod, møteplassar og servicetilbod.

Vi vil utvikle kommunesenteret vårt, Nordfjordeid, til ein grøn, urban fjordby. Det vil vere bra for bygdene i heile kommunen, og for vår region. Utan bygder, ingen senter. Dette byggar ned barrieren for å flytte hit frå storbyene. Kan hende vil det bidra til at fleire blir verande. Kven vil flytte herifrå, om ein har alt ein kan ynskje seg rett i nærleiken? Vi legg grunnlaget for framtidig verdiskaping i Stad kommune. Det er eg motivert til å jobbe for. Her skal det vere godt å leve.

Det er ikkje lett, men ikkje umogleg heller

Å forstå samanhengen mellom dei globale problema og lokale utfordringane er nøkkelen til å lykkast framover. Det er allereie mange krav, og fleire kjem. Men med det kjem og midlar. Framtida tilhøyrer dei som ser moglegheit til verdiskaping gjennom å vere med å skape løysingane. Å halde fram med å gjere problema større gir ingen meining. Derfor har Venstre høge ambisjonar for klima, natur og miljø. Det einskilde mennesket eller naturen kan ikkje lenger ta støyten for at lønnsemda skal vere høg nok, at velferda skal bli god nok, eller at forbruket er for høgt.

Vi folkevalde møtar folk, verksemder, organisasjonar og frivillige som er heilt avgjerdane for samfunnsutviklinga. Slik eg ser det startar det med å sjå det beste i kvarandre, uansett om ein er ueinige eller har ulike interessar. Vi må kjenne våre styrkar og svake sidar. Vi må vite kva trugslar og moglegheiter som finst, i blant oss og omkring oss. Vi må lære av kvarandre, inspirere kvarandre og hjelpe kvarandre. Ingen er tent med å rakke ned på kvarandre eller idioterklære kvarandre.

Alle står på

Som folkevalde må vi forstå rolla vår, og vete korleis folk, system og økonomi fungerar. Vi må stole på at dei vi har tilsett i kommuneadministrasjon og tenestene er kompetente.  Dei må få tillit til å løyse oppgåvene sine på best mogleg vis. Vi må tore å ta tak i det som ikkje fungerar. Vi må tore å sette grenser, samstundes som vi skal skape nye løysingar i lag.

Oppgåva til politisk leiing er å prioritere korleis midlar skal fordelast på dei ulike tenesteområda, frå skule og oppvekst til eldreomsorg, med meir. Men for at det skal vere noko å prioritere må vi sikre at verdiar vert skapt, og at vi har dei naudsynte ressursane tilgjengeleg. Vi må få alle med på laget, og skape dei ressursane som ikkje var der frå før. Då er vi ein ekte distriktspionér.

Mange kjenner for tida på presset som skuldast at den nasjonale økonomien skal kjølast ned, med høg rente og auka kostnadsnivå. Lærarar, helsearbeidare, bønder, bedriftsleiarar, tilsette i bedrifter, og politikarar er døme på folk som merkar dette presset i kvardagen. Det er dette vi vil gjere noko med, når vi er opptekne av vekst og utvikling. Vi må ta innover oss dei utfordringane vi har, og so gjere noko med dei.

Skule og utdanning er viktig

Her er eit stort behov for arbeidskraft, både i det offentlige og i næringslivet. Vi treng at folk med kompetanse og stå-på-vilje flyttar til kommunen. Dei treng ein plass å bu, som legg til rette for ein praktisk kvardag med høg livskvalitet. Vi treng at flest mogleg i kommunen vert verande, og at fleire tek meir utdanning. Vi treng at folk klarer seg sjølvstendig så langt det er forsvarleg, og får god støtte og omsorg når det trengst. Det kan vere ein ungdom som sliter psykisk, ein småbarnsfamilie i økonomisk uføre, eller fleire eldre som vert pleietrengande, eller anna.

Skulesak er hjartesak for Venstre. Kvalitet og trivsel er det aller viktigaste. Til elevar og foreldre som fryktar tap av nærskulane sine vil eg seie at Venstre ser føre seg å halde fram med strukturen slik han er i dag. Når vi skriv i valprogrammet at vi vil evaluere dagens skulestruktur og ha ein brei debatt, er det mellom anna for å få fram den viktige rolla skulane har i sine nærmiljø. Vi ynskjer å høyre kva erfaringar og tankar foreldre og elevar har om skulane våre framover. Kort skuleveg er miljøvennleg, bra for folkehelsa, og gjer ei bygd attraktiv for barnefamiliar. Vi vil jobbe for at elevtalet på skulane skal auke, og sikre nok ressursar slik at skulen får motiverte lærarar og elevar.

No er det val!

Ein kommune handlar bokstavleg talt om det vi har felles, trass alt ulikt, frå inst til ytst, nord og sør, i midten, i det offentlege, næringslivet og frivilligheta, til veljarar, folkevalde, kommuneadministrasjon, til barn, unge, vaksne, eldre, menneske med nedsett funksjonsevne, skeive, innvandrarar, truande og ikke-truande, og dei som likar trekkspel, for å nemne nokre. Viser vi respekt, byggar vi tillit, som igjen skapar tryggleik. Då kan vi få til i endå meir i lag.

Bruk røysteretten - godt val til alle!