Av Ragnar Lotsberg med fleire:

Det starta med turistskipet “Mein Schiff 3“ på Eidsfjorden 20. februar. På grunn av vind makta ikkje kapteinen å legge skipet til kai som planlagt. Derfor var det naturleg å stille spørsmål om korleis vinden kan verke inn på skipa som må passere gjennom den planlagde skipskanalen i Andatangen på brusambandet Anda – Lote.

Svara syner at prosjektet ”ferjefri fjordkryssing av Nordfjorden mellom Anda og Lote” knapt eksisterer.

Det ser ikkje ut som det er rekna på investeringskostnader. Nordfjordbrua AS hadde ikkje pengar til så omfattande arbeid. Då er det leita fram tal som samsvarer med det som drifta av ferja kostar.

Det eksisterer ikkje noko ”førebels godkjenning av flytebru og skipskanal” frå Kystverket slik som det har vore hevda. Informasjon som Nordfjordbrua AS har, syner tydeleg at prosjektet ikkje let seg gjennomføre innafor Kystverket sitt krav om uhindra ferdsel på Nordfjorden.

Fleire gonger er Dr.techn Olav Olsen AS framheva som ein av noregs leiande konsulentar som her står som garantist for kvaliteten i bruplanene. Derfor tek vi med nokre gullkorn frå rapporten: Skip inn fjorden bør passere Anda før kl.06.00 om morgonen, tilbaketuren utsetjast til etter kl 22.00. Stengt for alle skip mellom 07.30 - 08.30 og mellom 15.30 – 17.30.

Kanalen stengjast for all skipstrafikk når vindstyrken er over frisk bris, 8 m/sek.

Etter simulatortesten ved OSC i Ålesund 6. november 2020, er det lista opp alle med kompetanse som var til stades.

Dette er brukt som argument for at skipskanalen gjennom Andatangen er ei sikker løysing. Så syner det seg at denne testen var mislukka.

Kanalen må stengjast når vindstyrken kjem over frisk bris og den ”medfører høy sannsynlighet for kollisjon mellom skip og brukasse”.

Å halde tilbake så alvorleg informasjon, stiller styret for Nordfjorbrua AS i eit underleg lys. Kystverket er tydeleg i sine krav: ”Skipstrafikk må ha første prioritet og slippe gjennom kanalen uhindret”.

I forslaget til ny Nasjonal Transportplan 2025 – 2036: ”Det er fra lokalt hold skissert en ny mulig utforming av fjordkryssingen Anda – Lote som etter deres berekninger kan redusere investeringskostnader vesentlig”.

Det er ikkje sagt eit ord om kva denne nye utforminga går ut på, kva er kostnaden og kven har utarbeidd prosjektet. Det er vanskeleg å tru at ein kan utarbeide ei ny utforming og nye berekningar av fjordkryssinga Anda – Lote når det ikkje finst ei krone i kassa til å betale med.

For ikkje lenge sidan vedtok Stad formannskap og Gloppen kommunestyre at bruprosjektet var kome så langt at det kunne sendast over til Stortinget. Fekk kommunepolitikarane korrekt informasjon om krava frå Kystverket og det negative resultatet frå testen i Ålesund?

Det må vere lov å stille spørsmål om dette verkeleg er ei sak som Stortinget skal behandle. Eventuelt må vi kunne forvente at dei får framlagt korrekt informasjon om dei store utfordringane i prosjektet.

Tillit til politikarane er viktig for at eit demokrati kan fungere. Tillit er avhengig av ein ærleg omgang med alle tilgjengelege data.

Dette er siste kapittel om Nordfjordbrua. Etter kvart som ein fekk innsyn i korleis informasjonen rundt prosjektet er manipulert, var det nødvendig å få fakta fram i lyset.

Alt er skrive på grunnlag av skriftleg dokumentasjon frå arkiva til kommunane og Kystverket.