Av Stian Alexander Hoddevik , Stad INP:

Valgdagen nærmer seg med stormskritt og det er travle dager også i STAD INP leiren.

Som nykommarar i den politikken i Stad so er det sjølvsagt ekstra kjekt for oss å mellom anna samarbeide med dei andre politiske partia på dugnad å levere ut valgflyere rundt om i heile kommuna. Dette er eit samarbeid og ei lagånd på tvers av gjengen i alle partia som vi i STAD INP setter veldig stor pris på, og vi ønskar å rette ei stor takk til initiativtaker Ronald Dalsbø i Krf for dette.

Alle partia i kommunen har jobba lenge og hardt med å utforme sine politiske partiprogram med den politikken dei meinar er til det beste for innbyggarane og kommuna vår. Det skal vi være svært glade for. Vi skal være glade for at vi har eit demokrati og at eg og du kan gå til valgurnene og stemme på den eller dei som vi meinar bør få være med å bestemme i dei litt større sakene som omhandler kva tilbod eg og du skal ha i lokalsamfunnet vårt og korleis vi skal gjere det til det beste for alle.

Det er eit godt og gammalt ordtak som seier at «ein kan ikkje gjere alle til lags».

Slik er det i politikken også.  Derfor er det so utrulig viktig at vi bruker stemmeretten vår, og stemmer på det partiet som ein trur kan gjere ein forskjell, og igjen so skal vi være glade for at vi har ulike partier med ulike synspunkt, men med felles verdier; Å gjere ein innsats for en god kverdag for oss alle og eit velfungerende samfunn.

Det å la være å bruke stemmeretten din, ja det er det same som å samtykke i at vi ikkje treng ei forandring, eller at vi ikkje bryr oss om korleis vi ønskjer å ha det rundt oss. Kommune og fylkesting valget er eit like viktig valg som stortingsvalget. Det er viktig for lokalsamfunna våre, og det er viktig for det større politiske bildet både til fylke og stat. Våre fylkesvalgte politikarar jobbar for det same på fylkesnivå som dei på kommune nivå, og det er dei som står fremst i rekka til å fremme våre syn og kommunisere til rikspolitisk plan.

Dagane mine går no mykje i jobbing offshore. Eg saknar sjølvsagt familien min heime, og det å komme heim etter kvar arbeidsdag, men med daglig kontakt på Facetime går det greit. Samtidig prøvar eg so godt eg kan å få med meg alle innlegg i aviser og i sosiale medier i frå eget parti og partikollegaer i andre parti og å holde seg oppdatert igjennom kverdagen om kva som skjer rundt omkring i kommuna vår og ellers i den store verda. Eg er for all del ingen erfaren politikar tvert om er eg ein nybegynner.  Men eg er ein samfunnsengasjert arbeidskar og eg vil so gjerne gjere mitt for at vi som innbyggarar i kommuna skal ha det best mogleg.

Det er veldig kjekt å reise rundt på valgstand å snakke med folk, knytte nye bekjentskap og høyre på kva folk tenkjer og ønsker i kverdagen. Ein ting eg har bitt meg til merke i er at mange tenkjer eller frykter at årets kommune valg blir eit slags «oppgjer» eller ein «drakamp» mellom ytre og indre del av kommuna, altså gamle Selje og gamle Eid kommune, eller at partia har for høge ambisjonar og lovar mykje meir enn det dei kan halde. Slik kan vi ikkje tenke, og eg trur eg snakkar for alle partia i kommuna når eg seier at vi alle har ønskjer og ambisjonar om å ha gode tilbod til alle innbyggarane våre over heile kommuna.

Årets kommunevalg skal ikkje være noko «drakamp» eller konkurranse mellom gamle Eid og Selje kommune. Stad kommune er ei ung kommune, og eg synes personlig at på dei fire åra Stad kommune har eksistert so har det skjedd fleire bra ting, både i indre og ytre del av Kommuna.

For å nevne nokre eksempelvis i Selje der eg bur, so fikk vi nett eit flott og nytt helsesenter, og på Stadlandet har vi fått ny brannstasjon. Eg gler meg til dei kommande åra for å sjå kva vi kan få til i den flotte kommuna vår, og eg er ikkje i tvil om at der er mykje flinke og engasjerte folk i Stad kommune som har lyst å ta eit realt tak for laget og felleskapet!

STAD INP vil for vår del jobbe for HEILE kommuna, og igjen so trur eg at eg snakkar på vegne av alle dei andre partia om at vi alle jobbar for ei felles sak;  Ei samla kommune med mangfold og gode tilbod.

Vi har skreve i vårt partiprogram at vi ønskar å fremme ein fornuftig og realistisk politikk vi kan stå for. Akkurat dei orda skal vi i STAD INP forsøke å stå for so godt vi kan, uavhengig av om vi kjem inn i kommunestyret eller ikkje.

Å drive politikk, det er ikkje å love at det f.eks SKAL komme eit nytt og bedre tilbod i morgon eller om nøyaktig 6 månadar frå i dag, men det er å love til DEG som veljar at vi skal jobbe med denne saka og gjere det vi kan for å fremme den, rett og slett å bidra det beste vi kan for at den saka eller ei anna sak skal realiserast!

Min appell til deg som veljar i Stad Kommune er derfor; bruk stemmeretten din og delta i lokaldemokratiet. Slik kan du som enkeltveljar være med å syte føre at vi får eit kommunestyre med mangfold i frå heile kommuna.

Godt valg alle!