Av Tor Inge Nygård, dagleg leiar Vanylven Utvikling AS:

Regjeringa har i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett for 2023 (RNB) lagt inn ei orientering om stor auke i kostnadsanslaget for prosjektet Stad skipstunnel. Denne gjennomgangen må ein sjå i samanheng med at regjeringa i RNB for 2022 varsla at store samferdselsprosjekt vil bli gjennomgått for å få bedre kostnadskontroll og for å unngå ytterlegeare utfordringar i norsk økonomi.

For RNB vil ikkje denne orienteringa påverke allereie avsette midlar til Stad skipstunnel for 2023. Regjeringa bed om at tvangsinnløysing av eigedomar vil bli stilt på pause inntil Kystverket har gjennomgått kostnadane ved prosjektet og vil kome tilbake til Stortinget i forbindelse med statsbudsjettet for 2024. Pågåande arbeid som Kystverket no arbeider med er sikra fianansiering i 2023 og vil halde fram. For 2022/23 er det brukt ca 220 mill. til reguleringsarbeid/forberedande arbeid frå Kystverket  og kommunane Stad, Kinn og Vanylven.

FAKTA: Stortingsvedtak (mot 1 stemme frå MDG) 11. mai 2021: Kostnadsramme på 4,09 mrd, styringsramme på 3,45 mrd.

Ny kostnads- og usikkerhetsanalyse (Marstrand as/Kystverket) febr. 2023: Kostnadsramme på 5,7 mrd, styringsramme på 4,56 mrd.

Grunnlaget for orienteringa frå regjeringa er at Kystverket har utarbeidt ein oppdatert kostnads- og usikkerheitsanalyse med ein auke i kostnader frå stortingsvedtaket i 2021 til 2023 på 42%. I den nye kostnads- og usikkerheitsanalysa er det også lagt inn ein auke i forventa tillegg frå 14 til 19% og ei usikkerhetsavsetning frå 18 til 26%. Dette fører til ei auke på desse tillegga frå 1,02 mrd i 2021 til 1,94 mrd. i 2023. Altså ein auke på 90%. Ser ein på indeksreguleringa frå basisestimat i prosjektet er det i denne perioden på 26%.

Kystverket har i usikkerheitsanalysa vurdert usikkerheitsbilde som meir truande og har auka forventa tillegg/usikkerheitsavsetninga. Sannsyligheita for at sluttkostnadane hamner innanfor basisestimatet (styringsramma) er likevel tilnærma lik som i KS2+ 2020 står det i rapporten.

At vi ser kraftig auke i kostnadsrammene på store samferdselsprosjekt er ikkje unikt for Stad skipstunnel. Denne prisauken har råka alle store byggeprosjekt og ein kan ikkje utifrå auka kostnadsrammer som vi no ser setje prosjekta på full stopp.

I framlegget til RNB 2023 er det likevel fleire prosjekt som er under bygging og nye «gryteklare» prosjekt som får utvida rammer. Men det ser ut til at kommentatorar og leiarskribentar i delar av Oslo-pressa i aukande grad vil gjere Stad skipstunnel til hakkekyllingen blant viktige prosjekt som no er klar for oppstart.

Slik budsjettframlegget er utforma i RNB framstår det som om regjeringa ynskjer ein omkamp og ikkje er i stand til å stå for det vedtaket som er gjort tidlegare om bygging av Stad skipstunnel.