Av Alfred Bjørlo, stortingsrepresentant og helsepolitisk talsperson for Venstre:

Venstre meiner Helseminister Ingrid Kjerkol (Ap) bør gje ordre om umiddelbar stopp i all vidare innføring av Helseplattformen i helseforetak og kommunar i Møre og Romsdal. No må Ap ta fine flosklar og slagord på alvor, og setje menneske før system.

Eg og Venstre er alvorleg uroa over dei mange varsla og åtvaringane som kjem om Helseplattformen frå folk som har «skoa på» ute i kvardagen i helsevesenet. Det kan også sjå ut til å vere ei altfor sterk samanblanding av økonomiske interesser og fagleg ansvar for gode helsetenester for Helse Midt og kommunene som har investert i dette datasystemet – levert av ein amerikansk leverandør designa for helsevesenet i USA. Det er eit helsevesen der advokatar og forsikringsselskap stikk av med dei store pengane, ikkje helsetenestene.

Fleire statlege tilsynsorgan har no varsla tilsyn med Helseplattforma.  Rapportane er ikkje venta før til hausten. Venstre meiner at all vidare innføring av Helseplattforma bør stoppast fram til dei varsla tilsynsrapportane ligg på bordet.

Akkurat no fryktar eg at saka om Helseplattformen kan syne seg å bli den største økonomiske skandalen i kommune-Noreg sidan Terra-saka rundt år 2010. Helseplattform-skandalen har i tillegg ein dimensjon Terra-saka ikkje hadde: Det handlar om tryggleik for liv og helse.

Venstre meiner saka no er så alvorleg at Helseministeren ikkje har noko anna val enn å trekke i nødbremsa. Vidare utrulling av Helseplattformen i Møre og Romsdal påtvinga av Helse Midt, må etter Venstre sitt syn stoppast. Stortinget får saka på sitt bord i mai. Då har Ap sjansen til å syne om det er alvor i dei fine nye orda frå nestleiar Jan Christian Vestre om at Ap frå no av skal «..løse folks problemer, ikke forsvare systemer». Det første systemet Ap no bør slutte å forsvare, er Helseplattformen. Det fortener dei som arbeider i helsevesenet.