Av Bjørn Lødemel, dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd

I mange år har næringslivet og norske eigarar av bedrifter kjempa i mot formueskatt og skatt på arbeidande kapital. Denne skatten blir betalt av verdien i bedrifter som til dømes bygningar, maskiner, varelager, teknologi og eigedom, og det er berre norske eigarar som må betale. Både utanlandske eigarar og staten slepp unna.

Formueskatt og skatt på arbeidande kapital må betalast uansett om bedrifta går med overskot eller underskot. Det seier seg sjølv at det kan vere krevjande for mange bedrifter, særleg dersom bedrifta går med underskot i fleire år. Når ei bedrift går med underskot eller ikkje har overskot som kan betale formueskatt eller skatt på arbeidande kapital betyr det at eigarane må tappe bedrifta for verdiar eller ta seg opp lån for å betale denne skatten. Dette er svært øydeleggande for lønsemda i ei bedrift og det vil på sikt true arbeidsplassane i bedrifta.

I dag er det svært krevjande tider for mange næringar og mange slit med lite arbeid og dårleg inntening. Noko av dette skuldast pandemien, auka råvareprisar og anna kostnadsauke som næringslivet ikkje har herredøme over. Mange bedrifter går derfor med underskot, og har kanskje gjort det i fleire år på grunn av dette. Likevel må dei betale formueskatt og skatt på arbeidande kapital.

Det er underleg at det så vanskeleg å få aksept for at denne skatten er svært øydeleggande for mange norskeigde bedrifter.

Næringslivet og bedriftseigarane i Sogn og Fjordane ønskjer å bygge opp spennande og nyskapande bedrifter som har trygget arbeidsplassar. Ein bur i bygder og småbyar i Sogn og Fjordane og ein lever tett på menneska som bur her. Derfor er ein ekstra oppteken av å ta del i samfunnsbygginga og ha eit variert og levedyktig næringsliv. Formueskatt og skatt på arbeidande kapital gjer det vanskelegare for våre bedrifter å ha kapital for å kunne ta ei slik rolle. Det gjer det også meir krevjande å kunne investere i nye grunderbedrifter og delta i viktig knoppskyting i nye bedrifter. Dette tapar også lokalsamfunna på i det lange løp.

For Norge som nasjon og for oss som bur i distrikta hadde det vore mykje betre at eigarane av våre bedrifter hadde fått behalde desse pengane sjølve. Overskot blir som regel plassert direkte tilbake til bedrifta for å utvikle seg vidare og trygge framtida. Når dette skjer år etter år betyr det at bedrifta og arbeidsplassane blir tryggare, men det betyr også at det blir større verdiar i bedrifta. Det føre til at formueskatten blir auka og stadig meir krevjande. Alt dette blir ein negativ runddans som tappar eigarane av norske bedrifter for energi og lyst til å satse.

Politikarane på Stortinget og staten burde hatt langt større tillit til at desse pengane vil kome meir til nytte i bedriftene og i lokalsamfunna enn ein ser i dag. Ein burde sjå på dette som pengar til framtidig investeringar og ikkje ein skatt på norsk eigarskap.

Det er ikkje generell motvilje til å betal skatt i norske bedrifter, men ein må finne ei anna innretning der også utanlandske eigararar må betale og ein får ei meir rettferdig ordning.

Sogn og Fjordane Næringsråd er svært uroa over at denne skatten kan vere dropen som får begeret til å renne over og bedrifter vil gå konkurs eller bli avvikla. Ein er også uroa over den kraftige skatteauken som har vore for norske bedrifter siste åra.

I tida fram til Stortingsvalet i 2025 vil dette bli dette bli ei svært viktig sak for Sogn og Fjordane Næringsråd. Vi ønskjer å bruke tida godt for å få fram fakta om dei negative konsekvensane av formueskatt og skatt på arbeidande kapital for bedrifter i Sogn og Fjordane. Vi ønskjer tett og god dialog med næringslivet, våre medlemsbedrifter og andre næringspolitiske organisasjonar fram til Stortingsvalet i september 2025 med ei klar målsetting om å få endra på dette