Av Marie Kristine Kroken, for Stad MDG:

Formannskapet i Stad kommune hadde ekstraordinært møte torsdag 8. februar. Møtet vart halde for å bli einige om å sende eit brev til Samferdselministeren om Nordfjordbrua. Brevet inneheld ei søknad om å bli pilotprosjekt for ferjeavviklingsmidlar. Det betyr kort forklart at ein ynskjer staten skal bruke pengane på bru i staden for å drifte ferje.

I løpet av dei 10 minuttane møtet varte kom det ikkje eit einaste kritisk spørsmål eller refleksjon om dette er eit godt prosjekt vi bør bruke meir ressursar på.

Denne saka kjem ikkje til handsaming i kommunestyret, noko som vi i Stad MDG synes er synd. Det er ikkje unison einigheit om at dette er eit godt prosjekt, slik formannskapet gir inntrykk av.

Vi i MDG ser fyrst og fremst veldig negativt på det naturtapet og den auka forureininga brua vil føre med seg. Vi ser heller ikkje den store oppsida med at det skal bli meir handel mellom regionane. Vi er i ei tid då verdas befolkning treng å forbruke mindre, ikkje meir.

Tidlegare kalkyler nærast skryt av kor mange fleire som kjem til å krysse Lote Anda på bru i staden for på ferje som i dag. Likevel har bruprosjektet plutseleg blitt eit miljøtiltak i brevet til Samferdselsministeren. Det undrar vi oss særleg over sidan dei mange rapportane om Nordfjordbrua knapt nok  - om i det heile – nemner omsyn til naturen som noko relevant.

Vi har også spørsmål om dei eldre kalkylene som forsvarar prosjektet kan vere utdaterte. Har ein til dømes tatt med erfaringane frå koronatida? Erfaringa mange fekk om at det gjekk an å finne ut av ting også på digitale møter?

Ein prøver vidare å framstille Nordfjordbrua som eit økonomisk smart prosjekt, men vårt spørsmål her er økonomisk for kven?

Det vert ikkje gratis å køyre over brua for deg som bilist. I dag kostar ferja 58 kr for vanleg bil (tom 6 meter, Fjord1.no). Rapportar vi har sett nemner minst 80 kroner per bil for å køyre på brua. Du må altså ut med meir for å krysse denne brua enn du i dag brukar på ferja.

Det vert også ein kostnad for Stad kommune, for som det går fram av saksframlegget til formannskapet: «Støtte til søknaden har ikkje økonomiske konsekvensar no, men vil krevje ressursar av kommunen til planlegging når brua skal byggjast.»

Vårt spørsmål som heller ikkje vart stilt på møtet er kva vil dette koste Stad kommune og kor skal pengane takast frå? Stad kommune har allereie brukt mange millionar på selskapet Nordfjordbrua AS. Kor mange fleire millionar skal det tappe kommuneøkonomien? Vår bekymring er at ressursar til brua vil gå ut over ei sårt tiltrengt oppgradering av vegane våre.

Ordførar Reksnes oppmoda alle parti om å ta saka vidare hos sine inn mot Storting og Regjering. Vi i Stad MDG har teke han på ordet og sendt spørsmål til våre på Stortinget.

Det er no fremja av MDG sin stortingsrepresentant Rasmus Hansson og lyder som følgjande:

Vil samferdselsministeren prioritere bygging av Nordfjordbrua på bekostning av oppgradering og sikring av eksisterende veier?

Vi ventar i spenning om ministeren kan ha nokre refleksjonar kring bygging av brua, for det manglar det heilt i Stad formannskap.