Av Marianne Sæhle , 3. kandidat for Vestland SV:

Vi i SV meiner det ikkje er nokon grunn for at tennene skal behandlast annleis enn resten av kroppen. Vi meiner at det ikkje bør koste meir å gå til tannlegen enn å gå til legen. Difor har tannhelsereform vore ei viktig prioritering for SV i forhandlingane med regjeringa siste åra.

Fyrste steg vart gjort i forhandlingane i 2022. Då vart det laga eit tannhelseutval som fekk eit ambisiøst mandat. Utvalet skal mellom anna: «utarbeide og vurdere forslag som kan gjøre at tannhelsetjenestene blir likestilt med andre helsetjenester, herunder modeller for eigenandelstak. Dette innebærer å vurdere en økning av det offentlige ansvaret for tannhelsetjenester».

Dermed er vi ved starten av ei tannhelsereform: Den offentlege tannhelsetenesta skal gradvis byggjas ut og stadig fleire skal få tilbod om billigare tannhelseteneste. Målet er at tannhelse skal likestillast med anna helse. Ei slik reform tek tid, og i påvente av at den skal bli ferdig, vil SV arbeide for å inkludere fleire og fleire gruppe inn under den offentleg tannhelseteneste, ved å redusere utgiftene for dei mest omfattande behandlingane, utvide tilbodet i offentleg regi, og styrke tilbodet for dei som har størst behov for det.

I 2023 fekk SV gjennom at personar til og med 24 år skal få tilbod om behandling i den offentlege tannhelsetenesta, med 75 prosent avslag på prisen. Vestland fylke har saman med dei andre fylka fått tilskot til å gjere den offentlege tannhelsetenesta sterkare og betre, og sikre at fleire av dei som treng mest hjelp kan få det gjennom tilrettelagte tannhelseteneste, det såkalla TOO-tilbodet. I revidert nasjonalbudsjett i vår fekk SV gjennom ei viktig styrking av rettigheitande til personar med behov for psykisk helsehjelp.

Vestland SV går til val på å fortsette arbeidet med å gjere tannhelsa billegare og gratis for endå fleire innbyggjarar i fylket vårt! Vi vil styrkja den offentlege tannhelsetenesta og gjere det meir attraktivt arbeida der. Vi vil også sikre at offentlege kroner faktisk går til tannhelse for fleire, og ikkje til profitt og skatteparadis. Alt dette er viktig for å sikre den desentraliserte tilbod med tannhelseklinikkar over heile fylket.