Av Jon Frogner, ordførarkandidat, Stad Venstre:

I sitt innlegg om skulepolitikk, på fjordabladet.no 27. august, skriv Siri Sandvik og Judith Kvåle som om Ap og «Høgresida» var to parti. Eg vil opplyse om at så enkelt er det ikkje. I kjend stil snakkar dei om «høgresida» som om dei korkje har verdiar eller bryr oss om barn, unge, lærarar eller fellesskap.

Uansett, Venstre definerer seg som eit sentrumsparti. Ikkje høgreside, ikkje venstreside, men i midten. Vi har alltid vore eit nytenkande, samarbeidande skuleparti. Eg skal fortelje litt om kva vi trur er viktig i skulepolitikken framover.

Økonomien spelar inn

Fyrst vil eg nytte høvet til å lyfte blikket. Vi må sjå situasjonen i lys av den økonomiske politikken dei raudgrøne førar sentralt, som for meg framstår som lite berekraftig. Vanlege folk, verksemder over heile landet, og naturen, må ta rekninga for mange av deira velmeinte politiske prosjekt, med usikre resultat. For Stad kommune er aukande renter ein av dei største økonomiske bekymringane for tida.

Frå mitt ståsted framstår det merkeleg når Arbeidarpartiet og Senterpartiet i det eine augeblikket lovar det eine, eller seier at det andre er gratis, og i det neste augeblikket skuldar på «høgresida» for alt som ikkje går i hop.

Auka offentleg forbruk, i kombinasjon med lågare verdiskaping i næringslivet, er faktorar som bidrar til økonomiske utfordringar nasjonalt og lokalt, som mellom anna skulen vert råka av. Det er dette som verkeleg står på spel, og som får innverknad på kva ein får råd til innan skule, helse og omsorg, samferdsle og så vidare.

Stad Venstre er klar over at mange kjenner på ein pressa økonomi og arbeidskvardag, i skulen og på dei fleste andre område. Derfor vert det ekstra viktig å gjere dei rette grepa, og nytte ressursane best mogleg.

Motiverte lærarar og elevar

Så nokre ord om skulepolitikken til Venstre.

Tall fra Elevundersøkinga syner at motivasjonen i skulen er dalande og at mange elevar kjedar seg. Skulen skal vere ein plass med engasjerte lærarar, og barn og unge som opplever skulekvardagen som interessant og givande. Engasjerte lærarar gir motiverte elevar. Ein god skule er avhengig av at lærarar har nok tid og ressursar til å utføre jobben sin på ein god måte.

Ingen elevar er like og klassar kjem i ulike fasongar. Derfor gir det ikkje meining med gjenbruk av identiske læreopplegg. Tilpassa og god undervisning krev at lærarar har nok fridom og tid til å følge opp elevane med rette faglege utfordringar. Samstundes som vi ynskjer å prioritere meir fridom til lærarane i Stad kommune, må det stillast krav om at dei som underviser har den rette faglege kompetansen.

Tryggleik i skulen

Mens lærarar må ha nok kapasitet til å kunne tilpasse seg læringsbehovet til elevane, må alle skular ha kompetente miljøterapeutar og helsesykepleiarar med kapasitet til å sjå kvar einskild elev. Utan tryggleik i skulekvardagen, kan ikkje elevar oppleve meistring. For å skape ein skule med rom for elevar med ulike behov og utfordringar, må vi ruste skulane med personale som ser dei. Venstre vil syte for at elevar som treng hjelp, skal bli møtt så tidleg som mogleg av omsorgsfulle og kompetente vaksne.

Som politikarar i Stad kommune har vi eit ansvar for at skulen er ein plass barn og unge gler seg til å kome for å lære. Dette jobbar Venstre for.

Eg er viss på at vi framleis har mykje vi kan få til i lag med Ap og dei andre partia, når kvilepulsen kjem att etter valet. Det er berre å lese valprogrammet vårt, for å sjå nærare på Venstre sine prioriteringar for komande valperiode.