Skrive av: Peder Sande Sjåstad (13 år)

Eg vart irritert då eg høyrde at det er planer om å sette opp vindmøller. Det er leit at den fine naturen vår skal ødeleggast for at nokre folk skal tjene meir pengar

Eg har følgt med i avisene og på nettet at det er diskutert at det skal setjast opp vindmøller på Dua og Staurdalseggja. Dette ønskjer eg å dele meningane mine om i dette innlegget.

Det er både fordelar og ulemper med å sette opp vindmøller. Fordelane er at vindmøllene vil gjere det mogleg å lage meir straum, og det er bra at det blir satsa på fornybar energi. Ein annan fordel er at det kan bli fleire arbeidsplassar.

Det er også mange ulemper med å sette opp vindmøller.

Ei ulempe med vindmøller er at desse ødelegger naturen på fjellet og for dyrelivet. Det er spesielt fugler som blir skadd og drept, vi har mange freda fuglar som blir drept av å fly inn i disse vindmøllene.

Ein annan ulempe ved å sette opp vindmøller, er at det er kjedeleg for turistar som kjem til Nordfjord for å sjå den flotte urørte norske naturen. Desse har komt hit for å sjå flotte fjordar og fjell, ikkje for å sjå på vindmøllene.

Eg bur i Vanylven no, men blir det vindmøller kjem eg ikkje til å bu i Vanylven når eg blir voksen. Eg er sjølv også veldig glad i å gå på fjellet, og syns ikkje det blir like kjekt å gå på Staurdalseggja og Dua dersom det kjem vindmøller der.

Eg har høyrt tidligere at det er bestemt at det ikkje skal vere vindmøller i kommunen. Eg synest det er dumt hvis politikarne går mot si eiga meining og det dei har lova tidlegare. Det er unødvendig å bygge vindmøllene midt på fjellet mot Nordfjord. Desse blir plasserte slik at folk i Vanylven ikkje vil sjå desse så godt, medan dei er meir synlege for dei som bur i Nordfjord.