Av stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (Venstre), Venstres fylkesordførarkandidat i Vestland, Åsta Årøen og Venstres 2. kandidat i Vestland, Jacob Nødseth:

Spania har Santiago de Compostela, som tiltrekk seg hundretusenvis av vandrarar kvart år. Noreg har Pilegrimsleden til Trondheim - både via Gudbrandsdalen og reiseruta langs kysten: Kystpilegrimsleia. No er det kysten og Kystpilgrimsleia sin tur å bli løfta fram.

Kystpilgrimsleia er ei reise langs kysten med fjordar, øyer, holmar og skjær, som strekk seg frå Egersund til Trondheim. Kinn med Kinnakyrkja og Selja med Selja Kloster er viktige reisemål undervegs. Utfordringa no er å få Kystpilegrimsleia her i vest fullfinansiert – slik vandringsruta over landjorda på Austlandet er det for lengst.

Kystpilegrimsleia er omtalt i Langtidsplan for pilegrimssatsing i Noreg, «Veien frem mot 2027». Forrige regjering, der Venstre var med, la fram finansieringsplan og løyvde oppstartsmidlar. Sitjande regjering med Ap og Sp har ikkje følgd opp planen vidare. Det er ikkje haldbart. Kystpilgrimsleia må fullfinansierast.

Reiseliv er ei viktig framtidsnæring. Grøn verdiskaping med eit reiseliv med låge miljøavtrykk og satsing på kultur er svært viktig for Venstre. Kystpilegrimsleia er eit stjerneeksempel på kva framtidas reiseliv kan vere, og eit tilbod for alle uavhengig av livssyn, slik vandreruter lenger sør i Europa også er det.

Pilegrimsvandring er både ei personleg reise og ei kulturreise. For vertskap på vegen skaper dei reisande aktivitet og verdiskaping – noko som ikkje minst er viktig på kysten. Trongen for auka medvit om vår historiske arv og ringverknadene det kan ha for kultur og reiseliv er viktige årsaker til at Venstre har engasjert seg for å bygge opp om kystpilegrimsleia med fire regionale pilegrimsentra, mellom dei Selje i Stad kommune, og 26 nøkkelstader, herunder Gulatinget i Gulen, Kvernsteinsparken i Hyllestad, Kinnakyrkja og Svanøy i Kinn og Selja Kloster i Stad.

No hastar det med å følge opp finansieringa av Kystpilegrimsleia - eit arbeid som fekk sitt gjennombrot med Venstre i regjering og Abid Raja som Kulturminister.

Venstre krev at Ap og Sp no følgjer opp dei nasjonale planane som er lagt for Kystpilegrimsleia, og sikrar fullfinansiering. Det er ei sak som betyr mykje både for verdiskaping og aktivitet langs kysten, og for kyrkje og kulturliv. Ap og Sp kan ikkje enno ein gong svikte kysten og Vestlandet, medan Austlandet får «full pott».