Av Rita Tonning, fylkestingsrepresentant, Raudt Vestland:

Det var spådd før valkampen starta at det ville bli topp-politikarane frå ulike parti som ville dominere kommunestyre- og fylkestingsvalkampen. Det har sjølvsagt vore ein del topp-politikere som har reist land og strand rundt for å lage politisk sirkus, men media har stort sett vore flinke til å ha fokus på kommune- og fylkestingssaker. Ei avis uttalte at dei ikkje ville ha intervju med sentrale politikar. I tillegg har det vore laga mange gode lokale valomatar som har fokus på den lokale politikken. Mange aviser har også hatt "Bli kjent reportasjar" med lokale politikarar. Digital overføring av debatter og møter har også mange aviser bidratt med i sine lokalsamfunn.  Det har nok ført til lågare fysisk oppmøte på lokale debattar, men når folk ser det heime i stova så er formålet nådd.

NRK spelar ei sentral rolle i å vekke interessa for valet. NRK klarte å halde fokus på grundig utspørjing av toppkandidatar til Vestland på fylkespolitikk og ikkje la rikspolitiske saker få dominere. Det må også rosast at NRK laga kommunal debatt med alle toppkandidatar frå alle parti i alle kommunar i heile Vestland.

Dette er ei stor nyskaping og gav mange lokale politikarar sitt første møte med "radiodebattar". Opplegget var demokratisk, alle skulle med og det var ikkje revolverjournalistikk som prega debattane. Debatten var tufta på Valomaten, som hundrevis av politikarar i Vestland hadde gitt sine innspel til om lokale politiske saker. Dette er eit samfunnsmessig politisk svar på fordummande politisk retorikk som har til oppgåve å "lure" folk til å stemme utan ei grundig vurdering.

Fokus på lokal politikk, aukar forståing og respekt for politikken si rolle i samfunnet og styrkar både tillit til politikarar, aukar interessa for å aktivt bruke stemmeretten.