Av Julian Fløde, listekandidat 14, Stad Ap:

I sommar har eg vore på Utøya - AUF sin sommarleir. Det var eit bevisst val frå mi side å reise for å lære meir om politikken bak dei verdiane eg sjølv står for. Korleis kan ein politisk arbeide for å få det samfunnet eg ynskjer å etablere eit vaksenliv i, kanskje stifte ein familie i. Det vart mykje lærdom - men det var også deling. Mine meiningar var like viktige som alle andre sine – vi samlast og lærte av kvarandre.

Ein skal alltid tenkje på det neste valet som det viktigaste. Det er den neste moglegheita vi har til å påverke korleis vi vil at landet vårt skal bli styrt. Mange tenkje nok på kommune og fylkesvala som mindre viktige enn det nasjonale, men det er ikkje berre regjeringa og stortinget som utgjer dette landet. Det startar allereie i de lokale og regionale samfunna. Det er som eit hus. Det er grunnmuren og bærebjelkane som held fasaden oppe, og det er vi som stiller på liste og engasjerar oss lokalt som lagar den nasjonale politikken.

Når eg tenkjer på landet vårt er det med takksemd. Eg er takknemleg for at eg får lov til å bu i velferdsstaten Noreg. Ein velferdsstat som legg til rette for like moglegheiter for alle uansett kva slags utgangspunkt ein har. Ein stat som gir tryggheit med å ha ein sterk offentleg sektor og med det meina eg blant anna sterke offentlege helsetenester, ein sterk offentleg skule og sterk offentleg eldreomsorg. Kong Harald hald nyleg ein tale på besøk i Kina og representerte velferdsordningane på ein god måte. Han snakka blant anna om viktigheita og betydninga av å ha skuletilbod og støtteordningar uansett kva slags bakgrunn ein har. Vidare nemnde han også likestillinga og at likestilling stille sterkt i det å oppleve velferd. Der synst eg han har eit veldig godt poeng. Kvinner og menn skal ha like rettigheiter og moglegheiter og det ser vi lønnar seg i samfunnet vårt. Som velferdsstat må vi leggje til rette for at dette skal være mogleg og det har vi på mange måtar gjort med fødselspermisjon og barnehagar. Verdien av kvinners deltaking i arbeidsstyrken er like stor som inntekta frå oljeressursane og det er ikkje ei overrasking.

Eg er glad i velferdsstaten og eg fryktar det verste med å la høgresida styre. Med meir privatisering og aukande forskjellar vil fellesskapet rakne, velferdsstaten svekkast og eit konkurranseprega samfunn dannast. Ta skulepolitikken for eit eksempel. Der vi vil styrke den offentlege skulen, vil Høgre ha fleire privatskular. Det vil medføre eit samfunn der dei som kan betale mykje får ei utdanning som ikkje er oppnåeleg for andre. I skulereformen Høgre la ut for ei stund sidan var det omtrent ingen endring frå før, med eitt unntak. Dei ynskjer å utvide ungdomsskulen som gjer at den strekk seg i frå 7.-10. klasse Eit år ekstra med karakterpress og konkurranse. Ein stressfaktor som strengt tatt er unødvendig, særleg når ein ser kor mange som får psykiske utfordringar av konkurransejaget. Ei av dei tinga eg var svært overraska over å høyre, var at regjeringa til Erna la ned tre offentlege skular og opna 1 privat i månaden!! Privatskular skal vere unntaket – ikkje regelen. Sjå for deg om alle sjukeheimane og eldresentera blei privatiserte og du skulle sende di bestemor på anbod. Det høyrer ikkje heime i ein velferdsstat og absolutt ikkje i vårt samfunn.

Dette er eit lokalt val som vil seie at det kanskje er like mykje eit personval som eit politisk val. Politikken er viktig, men likeså viktig er det kanskje å finne personar ein har tillit til og som ein stolar på vil gjere det beste for kommunen sin eller fylket sitt. Personar som ynskjer å utvikle og styrke sitt eige samfunn, men også ta ansvaret om å være ein liten byggestein i resten av Noreg.

Det neste valet er viktig som alltid. For det er neste val vi tar avgjerda om vi vil behalde velferdsstaten eller svekke den. Når arbeiderpartiet styrer er det ein garanti for velferdsstaten - både lokalt og nasjonalt. Det betyr at vi faktisk har ein stat vi kan vise misnøye om dei offentlege tenesten til – for det er dei offentlege tenestene høgresida vil legge ut på anbud. Hugs at arbeiderpartiet allereie har retta opp viktige ting for oss heilt vanlege folk:

· Teke vekk karensåret på AAP

· Forbetra pendlarfrådraget (korta lengda for å få)

· Tidenes landbruksoppgjer

· Gratis SFO for 1. og 2. klasse (Vi i Stad vil ha gratis for 3. klasse og)

· Auka støtteordningar til studentar (bortebuarstipendet auka historisk to år på rad!!)

· Senka makspris i barnehagen med mykje, mykje meir.

Dessverre er lista over ting vi må rette opp framleis lang. Derfor kalla eg dette valet «slaget om velferdsstaten»

Eg kjem i frå AUF sin sommarleir på Utøya med mykje lærdom og kunnskap eg ynskjer å bruke til Stad sitt beste. Eg ynskjer å dyrke og styrke fellesskapet vårt og gjere mitt for samfunnet sitt beste. Eg veit eg kan vere ein som formidlar ynskja til folk, og å være eit talerør for ungdommen. Vi har godt av å få inn ungdom som kjem med nye perspektiv og nye innblikk. Eg er motivert, inspirert og klar for å ta på meg dette ansvaret – eit ansvar eg ikkje tek lett på. Gje meg eit kryss eller skriv opp namnet mitt når du stemmer! Det viktigaste er trass alt å gjere eit val, bruke stemmeretten.

Eg er klar – godt val!