Underteikna var tilhøyrar på bakarste benk og fekk med meg debatten om denne saka.

Avstemminga viste 17 stemmer for noverande organisering, i tråd med kommunedirektøren si innstilling, og 16 stemmer for Senterpartiet sitt forslag om å reversere attende til slik det var før med sjølvstendige domstolar med lokale leiarar.

Men: Det undra meg å høyre på Arbeiderpartiet i denne saka. I Hurdalsplattforma, som er signert Arbeiderpartiet og Senterpartiet, står det klårt at regjeringa går inn for å reversere domstolsreforma. På kommunestyremøtet hoppa AP lokalt glatt over dei føringar som er lagt av partiet sentralt.

Ørjan Haugland, tidlegare tilsett ved Nordfjord jordskifterett hadde plassert seg på tilhøyrarplass då kommunestyret drøfta kommunen sitt høyringssvar til regjeringa sitt framlegg om å reversere domstolsreforma. Foto: Inger Træen

Solbergregjeringa gjekk inn for ei storstilt sentralisering av tingrettar og jordskifterettar.

Etter mykje bråk frå distrikta vedtok Stortinget at eks. jordskiftekontora på Eid og i Sogndal skulle ha ei bemanning. Men likevel heiter det no Sogn og Fjordane jordskifterett med leiing knytt til hovudkontoret lokalisert i Førde. Det er verdt å merke seg at det Stortinget gjorde var eit vedtak som ikkje er heimla i noko lov. Dette vedtaket kan lett gjerast om.

Som Knut Tore Hjelle sa i debatten: Dersom reforma ikkje vert reversert så går Eid glipp av ei fast stilling der kravet er mastergrad i jordskifte/eigedomsfag. For meg er det uforståeleg at fleirtalet i kommunestyret ikkje la vekt på å få etablert ein slik «kompetansearbeidsplass».

Einskilde representantar hevda at ei reversering ikkje er framtidsretta. Det er å skru tida attende. Men er det rett at ei dårleg domstolsorganisering for distrikts-Norge skal halde fram?

Elles er eg i tvil om kommunedirektøren si rolle i gråsona mellom administrasjon og politikk.

Men siste ord er ikkje sagt i denne saka. Det er mange høyringsinstansar i heile landet.

Hurdalsplattformen: «Domstolsreformen skal reverseres, slår Arbeiderpartiet og Senterpartiet fast i den nye regjeringserklæringen, med unntak for der det er enighet om å opprettholde dagens struktur».

Det var i alle fall ikkje einigheit i Stad kommunestyre.