Av Odd og Bjørn Eide:

Han hadde i over 6 år kjempa med kreftdiagnose. Han var som vanleg seig og godtok ikkje nederlaget før det var innlysande.

No er Jan borte, vi står tilbake utan ein kjær ven og familiemann, ein svært samfunnsengasjert person og ein kjekk diskusjonspartnar.

Jan kom frå Sandane til Kjølsdalen i 1954. Det var det året mor vår døydde. Det var ikkje enkelt å sitje igjen med 4 ungar. Ei løysing vart at eldstemann reiste til mormora og onkelen i Kjølsdalen. Og slik vart det.

Jan hadde ei fin tid i Kjølsdalen. Vi fekk høyre mange artige historier om gamlelæraren som hadde sine spesialitetar. Vi som voks opp på Sandane sakna stert den eldste, men om summarane var vi alle samla i Kjølsdalen.

Jan overtok småbruket på Nordbø i 1981 og engasjerte seg sterkt i både oppdyrking av bruket og fellesskapet i bygda.

I høve Jan sin bortgang har Kjølsdalen Krins og UtviklingsLag mista ein over mange år dugande støttespelar. Bygda sette pris på hans arbeid og to gongar fekk han Kjølsdalen Krins sin utviklingspris.

Jan ønskte utvikling og ikkje avvikling for alle i bygda. Han tok på seg mange oppgåver for fellesskapet. Eit prosjekt var ny vassforsyninga i Kjølsdalen. Eit anna var å få ombygd gamleskulen til eit fungerande samfunnshus for bygda.

Biblioteket og skulen kjempa han også mykje for i tillegg til å få barnehage til krinsen. Han gjekk heller ikkje av vegen for å søkje om sal av øl/vin på lokalbutikken for å prøve å redde lokalbutikken, løyve vart ikkje gjeve og butikken vart nedlagt.

Jan arbeidde også for at bygdefolket skulle få rimelegast mogleg kraft. Han fekk fullmakter og på 90-talet forhandla han fram tilbod på straum til 12 øre/kWh. Det var ei halvering av kva det lokale kraftverket den gang hadde å tilby.

Jan var utdanna lektor med kjemi som hovudfag, men han var tidleg ute med data og fjernundervisning. Måløy vidaregåande skule vart snart ein føregangsskule innan data som følge av alle dei prosjekta Jan der førte fram.

Slektshistorie/slektsforsking brende han også for. Den gangen hette det DIS Norge, Jan var nestformann i fylkeslaget der ei tid og gjorde mykje for å bevare gravminna.

Ein skal heller ikkje gløyme kampen for kunne ha eit velfungerande sjukehus på Nordfjordeid i tråd med Singer sitt ønskje. Jan med fleire jobba svært aktivt, men dessverre så nådde dei ikkje fram og sjukehuset vart lagt ned.

Det var vel Jan sitt største nederlag, at eit velfungerande samfunn ikkje hadde fornuft nok til å oppretthalde velfungerande einingar.

Jan kjempa for at pasientar ikkje måtte fraktast i fleire timar for å få hjelp.

Då han sjølv vart sjuk, forlanga han alltid å verte behandla nærmast mogleg, ved t.d Volda og slik vart det, han var aldri innom Førde.

Jan sette stor pris på familien, slekta og kameratane. Han deltok i alle dei samlingane som vart laga til, heilt fram til det siste.

Den siste samlinga han fekk vere med på var barnedåpen til det 7. barnebarnet i familien, berre 11 dagar før han gjekk bort.

No er livsgjerningane til Jan, ein føregangsmann for Kjølsdalen, ein kjær mann for familien og slekta, avslutta.

Vi minnes ein umåteleg kjekk familiemann, dyktig lærar, diskusjonspartnar, ven og samfunnsorientert person. Vi lyser med takksemd fred over minne til Jan.