Av Jonny Lade:

Temperaturen på jorda er spådd stigande. Valde tiltak og verkemiddel for å møte utfordringane vert løfta fram av Storting og regjering, og vi ser at temperaturen i debattane og meiningsutvekslinga rundt tema også stig betraktelig. Folkevalde i lokalpolitikken ute i distrikta gjer sitt beste for å henge med og oppdatere seg på kunnskapsgrunnlaget. Ei heit potet, og ei fantastisk mogelegheit for igjen å få spissa kunnskapsgrunnlaget, er dei meir eller mindre konkretiserte planane om kraftindustrianlegg i fjell og friluftsområda i Vanylven. Det kjem fram skuldingar om urydding framferd, dårleg folkeskikk, inhabiltet, uhøvelige personkarakteristikkar, for og mot, og mot alt.

I skulen og blant dei unge i idrett og kultur jobbar MOT-ambassadørar, med verdiar som mot til å seie frå, vere seg sjølv, ha tillit og respekt for kvarandre. Og i idrett og fotball har vi samlebegrepet Fair Play for tilsvarande verdiar. Alt dette er viktig at vi har med oss, også i kvardagslivet og i møte med kvarandre. Ei rettesnor og eit mål, når eg sjølv også flaut må innrømme at eg har oppført meg klanderverdig og trampa iveg utan at hjernen er skikkeleg påkobla.

Vi høyrer stundom dei som er flinke og taleføre raskt vise til retorikk, gjerne av den uheldige typen, og dermed parkerer meiningsmotstandarar i debattmiljøet. Eller spissar frontane. I tunge saker som treff folk, så kjem følelsane fram. Og med sosiale media, som på godt og vond speglar folkesjela, så er det fort gjort at mykje kjem til uttrykk her. Personleg meiner eg vi må tåle å sjå utblåsningar, like godt som vi forstår at det vert diskutert, kommentert og sett personkarakteristika i samtale i sosiale lag og bak lukka dører. Til sjuande og sist er det personen sjølv som må stå for ytringa, og vi må ikkje alltid gre fleire med same kammen.

Når det gjeld vindkraft i frie fjell og naturområde, så har eg over tid sett meg såpass inn i fordelar og ulemper ved dette, til at eg i dag kan ha ei klar og varig formeining om det. Det høyrer rett og slett ikkje nokon stad heime. Då snakkar eg om fjell og friluftsområde, og i skjergardar/kystliner med fritt naturpreg. Mindre vindturbinar i eller ved gardstun og bebygde område, er ei heilt anna sak og noko vi ser som satsingsområde i nærnettløysingar i urbaniserte miljø i Europa.

Debattmiljøet i Vanylven no er krevjande, og det er ein reell fare for at industrianlegg i kommunen sine fjellområde skal bli ei valkampsak. Det treng det ikkje bli. Vanylven har eit ståande og gjeldande vedtak der kommunestyret seier klart nei til utbygging av vindkraft i kommunen, og at områda på Sunnmøre og i Nordfjord vert teke ut av rammeplanen til NVE. Samtidig har mange av styringspartia programfesta «Nei til vindkraft» i sine gjeldande partiprogram for forrige periode. At undringa var stor, når så konkretiserte planar for fleire titals vindturbinar i grenseområda mot Nordfjord vart presenterte på fagdagen for energi i april, er svært lett å forstå. Prosjektutviklar har hatt møter med grunneigarar både før, og no etter fagdagen. Og administrasjon og politikarar kommuniserer at dei ikkje har vore involverte i planane.

I Stortingsmelding 28 (2019-2020) «Vindkraft på land – Endringer i konsesjonsbehandlingen», står det omtalt under pkt 1.1 at ein vindkraftutvikler skal starte planlegginga av eit prosjekt i dialog med vertskommunen.

For meg er det ganske klart at våre folkevalde i noverande fase må agere etter vedtak og eventuelle partiprogram, og melde til utviklar at prosjektet vert lagt på is. For folkehelsa og naboskapet si skuld, så står eg ved dei grunneigarane i området som ikkje synest noko om det som vert planlagt, og som kjem i ein umenneskeleg skvis.

Det kunne vere freistande å fortsetje innlegget med fleire utdrag frå kunnskapsgrunnlaget til NVE, som er fruktene av bestillinga i tidligare nemnde Stortingsmelding. Men informasjonen ligg der, og det er bra breie vurderingar som er gjorde i arbeidet. Så gå gjerne inn på NVE sine nettsider under seksjonen for vindkraft på land så er det omtala alt frå støy via eigedomsprisar til natur og reiseliv. Men du har kanskje vore der allereie?

Rundt temaet vengeslitasje og mengde mikroplast, som vil verte spreidd i område der vi i utgangspunktet har svært små mengder av dette frå før, så er det sprikande opplysningar. Dette er gjerne område der husdyra og hjorteviltet beitar og produserer dei mest ubesudla kjøtråvarene vi kan skaffe til veie. Vi veit i dag at vi har store utfordringar med mikroplast spreidd fritt i naturen og at det etter kvart finn vegen inn i næringkjeda. Så det må vere fokus og tryggleik for begrense etablering nye store kjelder for slik forureining. NVE og Miljødirektoratet brukar konsekvent opplysningar frå bransjen sjølv, medan ein rapport om «Leading Edge erosion and pollution from wind turbine blades» (2021) nemner anslag på fleire kg pr turbin.

Sjølvsagt er det i kunnskapsgrunnlaget også peika på positive moment ved utbygging av vindkraft, men for meg er fasiten for Vanylven og regionen klar. Her er så mange som har lagt ned eit utal dugnadstimar i å ivareta merkevara som Vanylven har, og vi finn vel noko av det beste og mest komplette rutenettet for fot- og skiturar i vårt nærområde. Såleis har vi eit sjeldan godt utgangspunkt for den tida vi bur oss for i arbeidet med Stadt skipstunnell og tida etter at denne er ferdigstillt. I botnen er det eigentleg eit strategi og verdival vi står over for.

Eg har funne mitt standpunkt i saker som berører dei frie fjella og naturområde som eg er for å bevare. Og som eg meiner vi må behandle med eit «føre var – prinsipp», når det kjem til vekting opp mot kapital, lovnader om arbeidsplassar, energibehov osv. For Vanylven sin del, må vi innsjå den kapitalen vi har i naturområda slik dei er eller i større grad må takast vare på. Her finnast ingen angreknapp. Industriutvikling skal skje i område tilrettelagt for dette i høve det planverket som kommunene allereie har og som er underlagt dei føreseielege revisjonsrutinene.