Av: William Dalsbø (27 år), grunder og næringsdrivande, lokallagsleiar Stad KrF, styremedlem Stadlandet Bedriftsforening, listekandidat.

Raymond Edvart Myren (43), grunder og næringsdrivande, listekandidat.

Ruben Dalsbø (26), grunder og næringsdrivande, vara til kommunestyre sist periode, styremedlem Stad Vekst.

I kommunebudsjettet for 2022, vart KrF, Frp, V og H einige om eit budsjett som unngjekk innføring av eigedomsskatt på næring. Det er vi glade for og stolte av. Ap og SV ville innføre skatten og Sp ville utgreie den.

Stad KrF vil fortsetje å leggje til rette for fleire arbeidsplassar som gjev arbeid og inntektsskatt, bedrifter som gjev verdiskaping, ringverknad og selskapsskatt.

Då må vi ha eit fleirtal i kommunestyret som ser verdien og viktigheita av privat næringsliv.  Skal vi ha nok inntekter til kommunekassa for å løyse offentlege lovpålagde oppgåver i åra som kjem, så treng vi eit blomstrande næringsliv.

Kommunen treng å heie på og støtte opp om grunderskap og privat initiativ. Offentleg og privat samarbeid i samfunnsbygginga generelt er viktig for at vi skal utvikle oss i ei positiv retning.

Stad KrF har levert på prioriteringane og verdiane som er nemnde over, og det vil vi fortsetje å gjere. Vi vil arbeide for at private arbeidsgjevarar og kommunale tilretteleggjarar får ei større forståing for korleis samarbeidet herimellom kan bli betre i framtida. Vi vil arbeide for at fleire private byggeprosjekt skal kunne bli realisert pr. År i kommunen.

Vårt mål er at vi i neste periode vert ein del av eit fleirtal, kjem i posisjon, og at vi får fleire enn 2 representantar.  Då vil vi også prioritere å få fortgong og leggje press på ei «tilretteleggjar-haldning» i saksbehandling og planarbeid for folk som vil noko. Slik at privat initiativ til utvikling ikkje stopper opp på kommunen sine kontor, slik diverre altfor mange gir tilbakemelding på.

Vi må ha byggjeklare tomter til bustad og næring i heile kommunen!

Bruk stemmeretten fornuftig, stem Stad KrF, eller gje oss ein slengar!

Godt val!