Av Jan Per Løken:

Ho vart plutseleg borte frå Apotreket. Vi var mange som sakna denne dyktige og hjelpsame jenta frå Polen. At ho kom frå Polen var alt vi visste om henne. Det var nokre som hadde funne ut det. Ho og hennar gode måte å handtere kundar på vart jo samtaletema.

Flinke og greie er jo alle på apoteket, men denne polske dama var spesiell.  Ho var ein ressurs som gledespreiar og medisinekspert som ho delte med kundane i form av rettleiing. Ingen viste kvar det vart av henne, men vi roa oss med at ho hadde nok fått heimlengsel til Polen.

Så dukka ho opp igjen med sitt eige apotek på Nordfjordeid. Det er ikkje til å tru.

Fjordabladet har vore frampå med ein 2 siders presentasjon. Kjempeflott. No veit vi mykje meir om denne gladjenta. Vi har fått vite kva ho heiter, at ho no i mellomtida har hatt jobb på Sunnmøre og at ho lengta heim til Nordfjordeid.

Vi ynskjer henne velkomen heim og at familien vert lukkelege eidarar.