Av Olav Scott Fanøy Nord, kommunestyrerepresentant og nestleiar i Stad INP:

Vi tykkjer det er mykje informasjon som må ut til både allmenta og politikarane før ei beslutning om val av plassering kan takast. Det finst fleire alternative reinsemetodar enn den som administrasjonen har lagt til grunn når dei har kostnadsberekna og sett dei ulike lokasjonane opp mot kvarandre. Det blir påstått at reinsemetode ikkje har noko å seie for val av lokasjon. Det er vi sterkt ueinig i.

Det pågår eit pilotprosjekt i Førde, i regi av Sunnfjord kommune, i samarbeid med dei to lokale bedriftene Renasys og Hellenes AS. Også fleire kommunar i Vestland fylke er med som samarbeidspartnarar, deriblant Kinn, Sogndal, Gloppen og Stryn. Vestlandsforsking og høgskulen i Vestland er også involvert.

Stad kommune har moglegheit til å vere med på dette prosjektet, enten som observatør eller aktiv partner.

Sunnfjord kommune har sett seg eit svært ambisiøst mål, der dei prøver å binde saman alle ledd i og rundt handtering av avløpsvatn/kloakkslam, og har i samarbeid med Renasys og Hellenes klart å skape ei verdikjede frå inntak av kloakk, til handtering av restprodukt etter vassavskiljing og reinsing. Der dei tidlegare har køyrd 2000 tonn kloakkslam årleg til Sløvåg sør om sognefjorden, jobbar dei no med ei lokal løysing som fjernar den enormt energikrevjande transporten. Eg går ikkje meir i djupna på dette prosjektet, då eg håpar dei sjølv vil få høve til å presentere prosjektet for oss på Eid.

Etter å ha vore i Førde på synfaring saman med resten av planutvalet i Stad kommune, kan eg sei at vi alle var veldig imponert over kva dei har fått til.

Teknologien som er og har vert under testing i 2023, vil kunne redusere arealkravet til eit nytt anlegg betydeleg. Renasys sitt mekaniske filter i kombinasjon med ein bioreaktor vil fjerne behovet for sedimenterings-basseng, som er veldig arealkrevande.

Pr i dag ventar Sunnfjord kommune på ei godkjenning frå statsforvaltaren i Vestland, men framlagt dokumentasjon viser at dei tilfredstiller krava statsforvalteren har sett til gjeldane reglar for utslepp. Dei jobbar fortsatt  med å komme inn forbi krava om biologisk oksygen forbruk (BOF). I kombinasjon med ein bioreaktor vil ein med stor sannsynligheit klare dette.

Dette tenker vi er viktig å ta med seg inn i vurderinga når det skal bestemmast lokasjon. Størrelsen på eit nytt reinseanlegg kan ha mykje å seie for kva slags lokasjon som egnar seg best, og det totale kostnadsbilete kan endre seg.

Vi i Stad INP ser for oss dette:

• Stad kommune tar kontakt med Sunnfjord kommune for å engasjere seg i deira pågåande prosjekt.

• Sunnfjord kommune saman med Renasys og Hellenes AS blir inviterte til Nordfjordeid for å informere om prosjektet.

• Val av reinsemetode blir gjort før val av lokasjon. Der ein presenterer ulike anlegg med sannsynlege byggemål, totalt arealkrav og kostnadsoverslag.

• Val av lokasjon basert på breiare kunnskap. (forprosjekt)