I dag er det nærare 100.000 unge under 30 år som står utanfor arbeid, utdanning eller opplæring. Situasjonen til desse menneska er veldig ulik, men dei har likevel til felles at dei ikkje har fått god nok oppfølging av fellesskapet. Det her er unge folk med både evner og drøymer. Dei fortener fleire moglegheiter.

Fram mot landsmøtet til Arbeidarpartiet i mai vil vi utvikle ny politikk. Derfor ønskjer vi å høyre frå deg. Kanskje har du sjølv kjent det på kroppen korleis det er å vere ung og arbeidsledig. Sett det som ei mor eller far der systemet burde bli annleis. Eller jobba med tiltak i skule, helse og arbeidstrening og tenkt på at noko konkret kan bli betre.

I statsbudsjettet for 2023 har vi sett i gang ei betydeleg satsing for å fleire unge ut i arbeid, men vi er utolmodig på å gjere meir. Vi trur det finst mykje bra kunnskap og lokale døme. Både på grep som fungerer, og på det som verkeleg må bli betre.

Skriv gjerne til oss på innspill@arbeiderpartiet.no før 27. mars og markerer det med «Fleire unge ut i arbeid»

1) Kva tenkjer du er viktig for at vi kan hjelpe fleire unge ut i arbeidslivet?

2) Korleis kan vi førebyggje, gi tidlegare, og meir tilpassa oppfølging til unge?

3) Kva politikk innanfor skule, helse og NAV kan gi ein meir fleksibel og tilpassa hjelp til dei som verkeleg treng det?

Vi set pris på alle gode råd og døme vi kan få lære av.

For nokon kan dette utgjere ein forskjell for resten av livet.

Takk for at du ville lese. Vi ønskjer deg ein fin dag.