av Alfred Bjørlo, stortingsrepresentant for Venstre:

Rett før jul vedtok fleirtalet i Stortinget – Ap, Sp og Høgre – å overføre svært omfattande fullmakter frå Stortinget til ikkje-folkevalde helsebyråkratar til å kunne gjere nokre av dei sterkast mogleg tenkelege inngrepa i folk sine liv: Langvarig karantene og isolasjon.

Dei tre partia banka gjennom endringar i Smittevernloven som gir regjeringa og byråkratiet høve til å pålegge folk til å gå i langvarig isolasjon eller karantene ved framtidige smitteutbrot.

Forslaget vil med andre ord gi byråkratar innanfor eitt fagdepartement ei generell fullmakt til å innføre ekstremt inngripande tiltak i folks liv – i staden for at dette må godkjennast i Stortinget i «ope lende» i kvart tilfelle, der argument for og mot blir brynt mot kvarandre.

For Venstre er dette hastverksarbeidet frå Ap, Sp og Høgre uforståeleg. Det er per no ingen faglege grunnar eller kunnskapsbaserte analysar som skulle utløyse eit behov for å overføre så stor makt frå Stortinget til helsebyråkratane for å gripe inn i folk sine liv.

Samtidig veit vi at den første korona-kommisjonen peika på at dei menneskerettslege sidene ikkje vart godt nok greidde ut då det vart sett i verk inngripande tiltak i byrjinga av covid-pandemien. Det er i ettertid heller ikkje tvil om at sjølv om vi som heilskap handterte korona-epidemien bra, er det fleire av karantene- og smitteverntiltaka som det i ettertid kan stillast store spørsmål ved: Spesielt dei tiltaka som ramma barn og unge over lang tid.

Venstre synest det er uforståeleg og urovekkjande at Ap, Sp og Høgre tar så lett på forholdet til Grunnlova og grunnleggjande menneskerettar. Ansvaret for å gjere heilskaplege avvegingar i ein pandemi må vi som folkevalde politikarar ta - også i framtida.

Venstre kjem ikkje til å leggje denne saka død. Vi krev at regjeringa snarast mogleg kjem til Stortinget med ei samla sak om oppfølging av Koronakommisjonens rapportar – inkludert korleis vi sikrar at alle kritiske avgjerder i ein ny pandemi er forankra i Grunnlova og menneskerettane.

Når neste pandemi kjem, treng vi størst mogleg legitimitet og folkevald forankring av dei tiltaka som blir set inn. Vi treng meir demokrati, ikkje mindre.