Dette innlegget er skrive av Randi Henden Tranås, jurist, tidlegare domarfullmektig i Nordfjord, og kontorsjef ved teknisk etat i Namsos kommune.

I den nye regjeringa si politiske plattform «Hurdalserklæringen» står det at regjeringa no skal starte arbeidet med ein ny politikk for distrikts - Noreg. Dette omfattar også organiseringa domstolane.

Den forrige regjeringa sette på nyåret 2021 i verk nedlegging av 37 tingretter og 15 jordskifterettar. Dette skjedde i hui og hast etter at regjeringa skjøna at det norske folk ikkje ville godta ein fortsatt sentraliseringspolitikk, og at dei derfor kunne kome til å tape stortingsvalet.

Folk i distrikta protesterte mot denne politikken, og sorenskrivar Elisabeth Wiik i Søre Sunnmøre tingrett i Volda fekk rett då ho skreiv følgjande i lokalavisene på Søre Sunnmøre og Nordfjord rett før stortingsvalet i fjor haust:

«Det er eit ------demokratisk problem at vi no ser ut til å ha fått amerikanske tilstandar i landet vårt. Ein får håpe det norske folk reagerer som det amerikanske og stemmer vekk Høgre og deira regjeringskameratar ved valet til hausten. Godt val!».

Det norske folk skjøna kva som sto på spel, og dei brukte stemmeretten. I valresultatet ligg det difor ei djupkjend von om ein ny distriktspolitikk. Ein viktig del av denne vona er at folket i distrikts-Noreg får attende sjølvstendige og frie domstolar som er lokalisert nære bustadane til menneska dei skal tene. Fortsatt fjernstyring frå næraste «storsenter for offentlege tenester» er klart i strid med vallovnaden om ein ny distriktspolitikk.

Den fullstendig feilslåtte omorganiseringa av norske jordskifterettar og tingrettar må derfor reverserast i samsvar med det dei nye regjeringspartnarane har lova det norske folk.

Det er difor gledeleg å registrere at den nye justisministeren Emilie Enger Mehl har sendt ut på høyring eit nytt notat om organiseringa av våre tingrettar og jordskifterettar. Kommunar og andre institusjonar har fått frist til 24. april d. å. med å kome med innspel i saka.

Det er difor særs viktig at regionen Nordfjord med nye Stad kommune som vertskommune no kjem på bana med krav om at Nordfjord får attende sin eigen Nordfjord jordskifterett og sin eigen Nordfjord tingrett som også vart flytta til Førde, allereie i 2005.

Begge desse rettsinstitusjonane er viktige grunnsteinar i samspelet mellom offentlege og private verksemder i ein god og utviklande distriktspolitikk. Nordfjordeid har vore eit slikt knutepunkt frå gamalt av, og har difor vore ein god stad å bu. I over fleire hundre år har det vore domstol her.

Men diverre har statlege og fylkeskommunale institusjonar, no i lang tid, vorte flytta ut av Nordfjord-regionen, m.a. eksis-plass til Voss og Jølster, fødeavdeling til Volda/Førde, andre sjukehusfunksjonar til Førde, og no altså både tingrett og jordskifterett også til Førde.

No må det vere stopp med sentraliseringa, og Nordfjord må få attende både tingretten og jordskifteretten.

Så seint som framføre Stortingsvalet i 2021, var dåverande justisminister Monica Meland på Nordfjordeid og lova at det skulle byggjast eit Statens hus på Nordfjordeid. Det skulle då, etter mi meining, vere ei god byrjing å starte med å tilbakeføre begge desse rettsinstitusjonane, og lokalisere dei i eit Statens hus.

«Sentralistane» argumenter ofte med at større rettskrinsar gjev betre moglegheiter til å byggje sterkare fagmiljø.

Når det gjeld kvaliteten på det arbeidet som vert gjort i domstolane, er det imidlertid verdt å merkje seg følgjande:

Domargjerninga er ein einsam jobb. Det er saka sine dokument og det som kjem fram under rettsforhandlingane som skal være grunnlaget for domaren sine avveiningar.

Dette poenget vart sterkt fremheva av den nå pensjonerte tingrettsdomaren ved Oslo tingrett, Ruth Anker Høyer i eit stort oppslått intervju med henne i avisa Dagens Næringsliv, den 14.10.2019, kor avisa m.a. siterer henne med:

«Hun påpeker at en dommer først og fremst skal være uavhengig.»

Vidare skriv avisa:

«Høyer er selv gift med en dommer. Hun sier at vi har alltid snakket om problemstillinger, men vi har aldri lest den andres dommer før de er avsagt, sier Høyer. «Det er et ensomt yrke», skyter ektemann Jon Bonnevie Høyer inn, pensjonert dommer i Asker og Bærum tingrett.»

Det er kunnskap, sjølvstende og klokskap som er viktigast for å være ein god domar. Størrelsen av fagmiljøet er ikkje avgjerande. Som Namdalsavisa sin debattredaktør Lars Mørkved påpeika i eit innlegg om same saka og Namdal tingrett, er det Oslo tingrett med 100 domarar som har dei fleste NAV-skandale-sakene. Namdal tingrett hadde ingen.

Ei sentralisering av kunnskap og makt er ikkje heldig for domstolane sin samfunnsfunksjon. Eit dominerande administrasjons – og fagmiljø vil gje færre perspektiv når det gjeld tolking av juridiske spørsmål. Redusert lokalkunnskap vil gje mindre djupskap i retten si forståing av dei sakene den skal handsame. Dette gjeld både tingrettane og jordskifterettane. Det er sløsing med både tid og pengar, når partar og advokatar må reise lange vegar og ofte overnatte på hotell for å fremje rettferd i det norske samfunnet.

I ei sak som dette - som i høgste grad gjeld det norske folks ve og vel, og ikkje minst folket sin rettstryggleik - er det folket som skal bestemme, og ikkje byråkratiet.

«Sentralistane» kjem også ofte med følgjande påstand:

«Ein frittstående domstol ute i distrikts-Noreg er ikkje bærekraftig.»

Det verkar som at «sentralistane» ser på dei mindre domstolane som eit bedriftsøkonomisk forhold: om vinning og tap. Dette må då nærast vere ei vrangførestilling. Folk flest i Noreg veit at vårt 1000 år gamle rettssystem er ein av bærebjelkane i vår samfunnsorden, og at utgiftene til dette vert dekt av skattar og avgifter som folket i Noreg betalar og får godene av.

Denne saka handlar difor ikkje om økonomi, men om sosial tryggleik og rettstryggleik – også for folk i distrikts-Noreg. Som stortingsvalet no sist haust viste, er folk i distrikts-Noreg vakne, og står opp for sine borgar-rettar.

I samband med dette avisinnlegget, har eg fått kjennskap til at Trøndelag tingrett, avd. Namsos, nyleg har fått seg ei ekstra domarstilling i tillegg til den tidlegare sorenskrivaren som no altså er redusert til ei domarstilling. Politikarar og folk i Namdalen krev no at Namdal tingrett vert gjenoppretta. I denne samanheng er det verd å merke seg at Namdalen og Nordfjord begge har ca. 30 000 innbyggjarar.

Nordfjord må då saman med jordskifteretten få attende også tingretten. Det ville vere eit styrkjande handslag til ei vidare utvikling i Nordfjord-regionen. Eg minner i denne samanheng også om at Eid og Selje kommune slo seg saman til Stad kommune for å skape ei sterkare kommunal eining i Nordfjord. No må det statlege bidraget også kome.

Eg trur den nye justisministeren Emilie Enger Mehl har stor sans for å styrkje distrikt-Noreg, og eg la i den samanheng merke til hennar uttale i samband med pass-køane, der ho er sitert på følgjande:

«Samtidig ga jeg POD i oppdrag å på sikt å vurdere gjenåpning av flere passkontor som ble lagt ned under den forrige regjering, for å sikre kortere reisevei og bedre tilgjengelighet og bedre tilgjengelighet for folk i hele landet».

Underskrivne er sterkt knytta til Nordfjord gjennom slektsband både på mor mi si side (Olden og Innvik) og far min si side (Hennebygda, Stårheim og Nordfjordeid). Eg har hus der, og vonar ein dag å kunne flytte attende.

Eg vonar difor no at den nye regjeringa held løftene sine i denne saka, og snarast gjenopprettar den tidlegare organiseringa av domstolane. Det er viktig for rettstryggleiken at Tingrettane vert behaldne som sjølvstendige einingar og ikkje vert gjorde til ei fjernstyrt og underordna brikke i eit sentralisert byråkrati, slik det er med den organiseringa som vart hasteinnført av den førre regjeringa.