Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) presenterte fredag driftsgranskingane for rekneskapsåret 2015.  Dette er tal som viser inntektsutviklinga i jordbruket frå 2014 til 2015 basert på rekneskapstal frå 908 gardsbruk over heile landet.  NIBIO sine tal  viser heldigvis ein pen auke i jordbruksinntekt på 13 prosent på landsbasis og NIBIO kommenterer det slik: «Hovudlinjene i rapporten er økonomisk framgang, og mest til dei største».

Landbruksminister Dale vil nok ta æra for dette og prøve å sole seg i glansen av eigen suksess, men det er i liten grad politikken hans som gav auken. Gode avlingar av korn, gras og grønsaker har medverka til ein auke for mange.  Veret var på vår side. TINE, Nortura,  Felleskjøpet og dei andre varemottakarane og leverandørane til landbruket har alle drive sin forretning godt. Det låge rentenivået medverkar også betydeleg.  Innan alle produksjonar har dei store bruka klart betre inntektsutvikling enn dei mindre og mellomstore.  Dette er styrt av politikken.

Igjen ser vi at sjølv om pila for inntektsvekst i norsk landbruk peikar oppover, så gjeld ikkje dette for vestlandlandbruket. Tvert imot har vestlandsbøndene si jordbruksinntekt stått i ro i same periode. Kvifor er det sånn?

Scenarioet i innleiinga er realiteten for bøndene på Vestlandet. I snitt tjener vi 90 000 kr mindre enn ein bonde på Jæren.  I snitt tener vestlandsbonden 277 000 kr/årsverk, altså nesten halvparten av det ein lønsmottakar får betalt for å jobbe like mange timer.  Hadde du funne deg i det?

Regjeringa sin politikk gjev som effekt at dei store bruka har fått inntektsauke.  På Vestlandet er det få store bruk. Vi har eit krevjande terreng.  Jordlappane er små og ligg spreidd mellom fjære og fjell langs fjordane og oppe i dalsidene slik turistane set pris på når dei reiser i landsdelen.  Det gjer at mange matprodusentar i våre område ikkje har høve til å tilpasse oss regjeringa sin politikk med å bli stadig større.  Den same utviklinga vil vi nok sjå dersom vi ser på deler av andre fylke også.   Valdres, Hallingdal, Indre Telemark vil til dømes vise same utvikling som Vestlandsfylka.  Distriktsjordbruket er taparen i denne utviklinga.  Vestlandet som region produserer mindre mjølk og kjøt fordi mange bønder legg ned drifta.  Vi er også den regionen der mest areal går ut av drift og i deler av fylka våre ser vi tydelege teikn på attgroing av dyrka areal.   Turistmagneten som kulturlandskapet på Vestlandet er, ser vi teikn på er i ferd med å gå tapt som resultat av ein landbrukspolitikk som ikkje tek omsyn til terrenget.

To landbruksministrar frå Vestlandet har sidan 2013 ført ein politikk som råkar hardast i distriktet dei sjølve kjem frå.  Statsråd Jon Georg Dale har høve til å rette opp i dette.   Om kort tid skal han legge fram ei jordbruksmelding som skal peike ut retninga for norsk jordbruk i åra som kjem. Driftsgranskingane viser at vestlandsjordbruket må prioriterast.  Det betyr at tilskot som er målretta mot distrikt og frakt må styrkast, samt at mindre bruk må få større del av landbruket sin samla inntektsauke.