Meiningar

Nokre tankar om besøkstidene på institusjonane i Stad kommune

Det er reaksjonar på besøkstidene på sjukeheimane i Stad kommune, her med bilde frå Seljetunet. No svarer ein av dei tilsette.  Foto: Arkiv: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Meiningar

Besøkstidene er sett opp for at dei best mogeleg skal ivareta brukarane sine behov i høve personleg hygiene, frukost, toalettbesøk og sist men ikkje minst brukarmedverknaden dei skal ha i høve kortid dei ynskjer å stå opp. Dette heng ofte saman med korleis natta har vore og kor godt den einskilde har sove.

Klokka 13 er det middag og då samlast alle som kan til ei sosial stund og eit godt måltid rundt middagsbordet i fred og ro før nye toalettbesøk og middagskvild.
Kaffi og kake kan ein gjerne kose seg med på rommet om ein har nokon av sine på besøk.
Kveldsmaten flyttar vi på om nokon har besøk og vil vente, eller dei kan ete på rommet saman med sine.


Eg er så heldig at eg både jobbar på Seljetunet og er pårørande på samme stad. Eg både føler at vi som kollegie er fleksible og at eg vert møtt med fleksibilitet som pårørande.
Besøkstidene er ikkje korkje bestemt av tilsette eller sett for at det skal vere mest behageleg for tilsette. Dette er bestemt av leinga i samråd med kommuneoverlegen fordi brukarane våre står i fokus.


At det er vanskeleg med ettermiddagsbesøk på grunn av bussruter har eg forståelse for, men dette er det ikkje institusjonane i Stad kommune som rår over.
Når det gjeld smitte i gjennom pandemien har det å vere restriktive vist seg å fungere, då det ikkje har vore smitte på institusjonane våre før no , noko vi alle skal vere takksame for. Vi tilsette prøvar saman med ledelsen vår heile tida å setje brukarane våre i fokus og vi er klare over ansvaret vi har for å ta vare på det kjæraste andre "eig".

Ring og snakk med oss så tippar eg det meste ordnar seg. Ynskjer alle brukarar, pårørande og tilsette ei fin adventstid.