Meiningar

Wiese-lada - «gryteklar» for riving?

Seldt: Wieselada som inntil nyleg var eigd av S.H.Nesbakk AS er no seldt.   Foto: Tormod Flatebø

Meiningar

Viser til Fjordabladet 26.10.2021. Iflg avisa søkjer eit eigedomsutviklingsselskap Stad kommune om rivingsløyve for Wiese-lada: «for å få ein uttale om kva som er mogeleg å gjere med bygget». Grunngjevinga er vanskeleg å forstå. Når bygningen er riven, kan ikkje bygningen «utviklast» lenger. Den er borte!

Korleis ser Stad kommune på rivingssøknaden? Vestland fylkeskommune er referert i Fjordabladet: «bygget står fram som eit særmerkt bygg, med si plassering og storleik».

Så skriv fylkeskommunen vidare: «Bygget sin viktigaste dimensjon er knytt til identitetsverdien og då som eit immaterielt kulturminne, meir enn det vi kan lese ut av det fysiske bygget». Forstå argumentasjonen den som kan …

Bygget ligg svært sentralt og synleg til i Nordfjordeid sentrum. Det er ikkje særleg krevjande å sjå at det er bygd som ei lade til storgardane Osnes/Gjerde med høge murar, store tak og låvebru i kortenden. Bygningen frå ca 1840 er halde godt vedlike.

Kor mange slike bygg er det att i Eid sentrum (eller i andre av «strandstadene» på Vestlandet) ?

Det synes meiningslaust at Stad kommune skal ta stilling til rivingssøknaden utan samstundes å få vite kva som alternativt skal byggjast på tomta. Lada står godt i mange tiår framover,- om det trengst for å få planane ferdig utvikla.


Fylkeskommunen har ikkje merknader Kan bli riving

Kan bli riving

Vestland fylkeskommune har ikkje merknader til søknad om å rive Wiese-løa.



– Ville finne ut kva som er mogeleg å gjere med bygget

– Vi søkte om rivingsløyve for å få ein uttale om kva som er mogeleg å gjere med bygget, forklarer dagleg leiar og styreleiar Jøran Tidemann Rise i Alleen 21 AS som no eig Wiese-løa.



Omsetting av eigedomar i Stad kommune

Oversikt over eigedomar som er omsett i Stad kommune i juli månad 2021.