Innlegg

– Kor er pengane vorte av til å finansiere desse lovnadane

Lars-Svein Drabløs, leiar i Stad Eldreråd, frkyar at politikarane overset dei økonomiske utfordringane kommunen har.   Foto: Tormod Flatebø

Meiningar


Samhandlingsreformen vart vedteken i 2012 av den raud/grøne regjeringa. Opposisjonspartia var kritisk til reforma fordi den var underfinansiert. Solbergregjeringa, med sine støtteparti, har gjennomført reforma, men har på ingen måte finansiert dei pålegg dei har gjeve kommunane. Reforma har med andre ord vore underfinansiert heile tida. Dette er hovudårsaka til at kommunane har måtte nytta seg av eigedomsskatt for å få endane til å møtes. Dette er noko eg, som politikar, har vore veldig tydeleg på.

No er eg leiar av Eldrerådet i Stad kommune, og skal ivareta dei eldre sine interesser til ein god og trygg aldersdom. Sentrale politikarar snakkar pent om å «Leve heile livet» og om god og næringsrik mat. Men kor er pengane vorte av til å finansiere desse lovnadane.

Eg har ikkje sett noko til dei.

I åra framover trengst det mykje pengar for å gje tryggleik til den aldrande befolkninga, som blir meir og meir utfordrande år for år. Eg gjekk mange rundar for meg sjølv før eg bestemte meg for å fremje forslaget om eigedomsskatt for næring. Kommunedirektør og økonomisjef i Stad kommune har vore tydeleg på utfordringane som vi står over for, men eg fryktar at politikarane overser dei økonomiske utfordringane kommunen har. Eg fryktar at dei berre salderer budsjettet med bruk av fond. Skal vi ha pengar til ei god og trygg helseteneste til folk i åra framover, må ein både auke inntektene og gå nøye gjennom strukturane i den kommunale drifta.

I vedtaket i eldrerådet var det full semje i rådet om å få kommunedirektøren til å komme og gjere greie for kva konsekvensar det vil ha dersom ein no kuttar i tenestene.

Eg er veldig spent på kva politikarane no vil gjere, og eg kjem til å følgje med.