Meiningar

Stad KrF rettar ei stor takk

Stad KrF på ein av mange standar dei har hatt i valkampen.  Foto: Privat

Meiningar

Vi i KrF er så takknemlege over dei mange konstruktive og interessante samtalane vi har opplevd på stand.

Dei 5 siste laurdagane har gått med til å forflytte oss til sentrum til Eid, Måløy, Stadlandet, og til slutt både på Sandane og i Selje på laurdags ettermiddag. Enkelte laurdagar har vi fordelt oss på stand på 2 plassar.

Vår 3. kandidat på stortingslista, William Dalsbø, har i tillegg turnert rundt på skuledebattar i fylket, pluss deltatt på debatten på Amfi på Eid.

Vi vil i dag, rette ein stor takk til dei som har stoppa opp, og drøsa ilag med oss over ein kaffikopp. Det er gjennom samtalar med kvarandre, vi alle kan vere med på å lage god politikk. Vi takkar for gode innspel som vert hugsa på vidare etter valet.

Takk også til partifellar, som harvore inspirerande å treffe på stand. Vi har alle same mål for auget, det å prøve og skape eit godt samfunn å bu og få leve i - gamal som ung.