Meiningar

Private skular undergrev den offentlege skulen

Hege Lothe, 1. kandidat for SV i Sogn og Fjordane, og Åsmund Berthelsen, 4. kandidat og fylkestingsmedlem for SV .  Foto: Pressefoto

Meiningar

Denne hausten har regjeringa nok ein gong gått på tvers av lokalpolitiske vedtak og sagt ja til endå fleire private skular i Noreg. Tre av desse seks uønskte skulane ligg i Vestland fylke. Det er ein privat skule i Kinn og ein kombinert søknad om privat ungdoms- og vidaregåande skule i Bergen.

I friskulelova er det ein klar føresetnad at dei private skulane ikkje skal gå utover det offentlege skuletilbodet, likevel ser vi at det er nettopp det som skjer. Innan den vidaregåande skulen merker vi dette veldig godt. Medan populære tilbod kan etablere seg i Bergen, står fylket igjen med ansvaret for å sikre eit desentralisert og variert skuletilbod for heile fylket og innan alle fag. Kvart år mister Vestland fylkeskommune offentleg støtte i eit omfang på over 140 millionar kroner som følge av dei mange privatskulane, som primært er i storbyen Bergen. Det er regjeringa som avgjer om vi skal ha fleire private skuler i dette landet, og dagens regjering har diverre nok ein gong vist at ein undergrev det offentlege fellesskapsskulen.

Vi er akkurat ferdig med skulestart. For å kunne tilby ein variert og desentralisert skuletilbod, der langt fleire enn berre dei med dei høgaste karakterane skal få ønsket sitt oppfylt treng vi nok studieplassar. Trang økonomi gjer at det vert krav om fleire elevar per klasse for å starte eit tilbod, og realiteten er at nokre fag ikkje vert starta opp. Dei som søkte på det må enten flytte på hybel, eller ta eit anna fag. Det er ein krevjande kabal å få tilbod og ønske om plass til å gå opp innafor gjeldande rammer. Men ein ting er sikkert, 140 millionar mindre til den offentlege skulen gjer jobben vanskelegare. SV meiner vi alle er best tent med å styrke den offentlege fellesskapskulen i heile fylket, då kan vi ikkje ha ei regjering som let private, og særleg kommersielle private aktørar skumme fløyten av offentlege utdanningsmidlar i sentrale strøk.

Noko av det siste fylkestinget gjorde før sommarferien var å seie nei til at private aktørar også får etablere seg innan yrkesfag. Og det er verdt å merke seg at yrkesopplæringsnemnda, der både LO og NHO er med, var sterkt kritisk til at det skulle komme private aktørar innan yrkesfag, og det med god grunn. Tilbodet av yrkesfag er avhengig av ein tett dialog med næringslivet, og tilbod og utdanningsval må henge saman med kva arbeidslivet etterspør og kva det er råd å tilby lærlingplassar innan. I dag justerer det offentlege tilbodet sitt i tråd med desse endringane, men felles for dei private skulane er at dei er unnateke slike omsyn, dei treng ikkje redusere sitt tilbod, dei treng ikkje tenkje på om det vert overkapasitet på visse utdanningar eller ikkje, eller om at deira utdanningsprogram går på bekostning av nokon andre fag i distriktet, eller at det totalt sett ikkje er lærlingplassar til alle. Omsyn som fylkeskommunen må og skal ta. Derfor meiner SV at også dei private skulane bør inngå i fylkeskommunen sine skulebruksplanar slik at også talet på private plassar kan reduserast. Noko vi i dag ikkje har høve til. Har ei privatskule fått etablert seg, kan vi ikkje styre den.

Vi har sett tidlegare at overetableringar av private skular i Bergen har medført at offentlege skular i Bergen har blitt lagt ned, det kan også skje med skular i distriktet om regjeringas politikk får halde fram. Difor trengs det eit nytt fleirtal som vil prioritere den offentlege fellesskapskulen, som seier nei til private skular som undergrev den offentlege skulen. Vi må sikre at kvar krone skal kome elevane til gode og at eigarane av private skuler ikkje skal kunne ta ut profitt.

Og sist, blir det vanskeleg for dei private å få skulen til å gå rundt, kan dei berre legge ned eller gå konkurs. Dei har ikkje noko ansvar, og derfor må fylkeskommunen til einkvar tid ha fleire plassar enn elevar, fordi fylkeskommunen til eikvar tid er pålagt å gi elevar rett til vidaregåande opplæring.