Meiningar

Nøkkelen til rekruttering er valkompetanse

Nordfjordakademiet: Tonje Bjerkan og Anders Lødemel.   Foto: Pressefoto

Meiningar

Det er ein enorm konkurranse om dei kloke hovuda og flinke hendene i Noreg i dag. Så langt har byane klart å lære opp ungdomen til at det er der lukka for yrkeslivet er. Byane har sikra lokale ungdomar sin valkompetanse. «Vi vel byen». Nøkkelen til rekruttering er valkompetanse.

I Nordfjordakademiet er det nettopp denne valkompetansen vi fokuserar på. Dersom Nordfjord som region skal vere konkurransedyktig i framtida må vi sikre ein høg kompetanse på å velje Nordfjord både hjå dei som er vaksne opp her, dei som er her no og dei som ikkje kjenner Nordfjord frå før. Vi må med overtyding synleggjere «kvifor Nordfjord» til ei stadig større gruppe menneske. Og dei må tru på det.

Om kommunane og næringslivet i Nordfjord skal få tilført riktig kompetanse til riktig tid for å få gjort oppgåvene på ein riktig måte, så må ein ta dette arbeidet på alvor og prioritere det. Nordfjordakademiet er etablert som ei ideell foreining der kommunar og bedrifter har samla seg for å ta tak i denne problemstillinga på ein systematisk måte.

Det vi spør oss er korleis vi i fellesskap kan sikre rekruttering til regionen i eit langsiktig perspektiv gjennom strategiske verkemidlar. Det vi ikkje gjorde riktig for 15 år sidan betaler vi prisen for i dag. Resultatet er at vi slit med rekrutteringa. Det positive er at det vi gjer riktig dei neste femten åra vil vi kunne hauste av i stadig større grad framover.

Dette er utgangspunktet for at kommunar og næringsliv samlar seg i ei felles satsing der vi samskaper innan rekruttering – offentleg og privat hand i hand. Vi vil på den eine sida at kvar einskilt ungdom skal finne sine eigne superkrefter. Vi vil at dei får dyrka det dei er gode på som grunnlag for rike og gode liv der ein føler seg som nyttige samfunnsborgarar. På den andre sida vil vi at dei skal finne plassen sin her i Nordfjord ved at næringslivet og kommunane legg til rette for at ungdomane skal få blomstre på det dei er gode på i yrkeslivet. Det er klart at eit slikt arbeid tek tid og at arbeidet kan starte allereie i barnehagen.

Nordfjord vil geografisk sett alltid vere ein felles bu- og arbeidsmarknad. Dess meir vi samarbeider, dess betre val vi gjer, dess meir vi inspirerer unge folk til å bu, jobbe og leve her, dess fleire av visjonane våre for den lokale samfunnsutviklinga vil vi kunne oppnå.

I dag er vi i overkant av 30.000 nordfjordingar. Det er ingenting i vegen for at næringslivet i Nordfjord kan doble dette talet på menneske. Men det gjer seg ikkje av seg sjølv. Og det er ikkje einskiltaktørar som kan få dette til. Det er Nordfjord i fellesskap som kan sikre denne utviklinga. Vi ser resultatet allereie, der eit titals nye innbyggjarar har funne vegen til Nordfjord som ein direkte konsekvens av Nordfjordakademiet sitt arbeid for fellesskapet vårt.

Det vi veit er at dersom framtidas arbeidstakarar veit kvifor dei skal velje Nordfjord, så er vegen kort til at dei blir nye nordfjordingar. Nøkkelen til rekruttering er valkompetanse.