Meiningar

- Programmet til Sp er neglisjert. Det er totalt uakseptabelt

MISTILLIT: Dag Austring meiner at partiprogrammet til Senterpartiet er neglisjert.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Meiningar

I formannskapsmøte i Stad kommune den 29. april kunne Paul Jacob Helgesen, under habilitetsbehandling av han i saka :«Diskusjonssak - Vurdering av nyttegjering av massar fra Stad skipstunnel», fortelle at han har hjelpt broren Per Helge å utvikle prosjektet på Berstad.

Paul Jacob Helgesen gjekk til val på Senterpartiets sitt valprogram : « Arbeide for at Lestovika vert realisert som fiskerihavn, hurtigbåtkai og kai for persontransport.»

Paul Jacob Helgesen i samarbeid med broren har tatt dei konkrete sakene i Lestovika til prosjektet på Berstad. Paul Jacob har totalt neglisjert programmet til Senterpartiet. Dette er for meg heilt uakseptabelt. Senterpartiet fekk mange stemmer på den konkrete saka, og dette føles som eit hån mot desse.

Paul Jacob er vist stor tillit i partiet, har fått topp- plassering, og har misbrukt denne tilliten til dei grader.

Under behandlinga av habilitetsvurderinga, sa Paul Jacob Helgesen at han visste om eit forslag som ville bli lagt fram i møtet.

Dette var eit forslag som ville støtte Berstad.

Dette ble presentert av Gunnar Silden på vegne av Venstre og Arbeiderpartiet.

I dette forslaget synes det som om at det var fokus på jordbruksareal. Ingen ting om framtidige arbeidsplassar ved bruk av tunnelmassar.

Silden våger å seie følgende :

« Interessentane i Lestovika består av småaktørar og sjarkfiskarar.»

Eit eksempel på dei «små». Ein sjarkfiskar på 29 år har invistert 10mill i åra 2017-2019, har fiska for 4,2 mill i 2020 og så langt i år har han fiska for 3,2 mill, dette er ikke utafor merder, apropos ei anna sak, men på Finnmarkskysten.

En annen ungdom ønska å flytte til Selje med båt og kvote, men det var ingen kai eller plass til etablering. Han flytta til Fosnavåg.