Lesarinnlegg

Erling Sande svarer ikkje på utfordringane til småkrafta

Vi treng mykje kraft framover for å løyse utfordringane som ligg framfor oss. Mykje ny kraftkrevjande industri skal vekse fram rundt om i landet, skriv Olve Grotle, Stortingskandidat for Høgre i Sogn og Fjordane.  Foto: Tormod Flatebø

Meiningar

Lesarinnlegg

Nasjonal kontroll med naturressursane betyr faktisk noko, Olve Grotle

Når Senterpartiet seier at nasjonal kontroll er viktig er det nettopp fordi vi som nasjon gjennom heile nyare norsk historie har brukt jord, skog, fisk, vasskraft og petroleum til å skape industri, arbeidsplassar og aktivitet i Norge.


Erling Sande og Senterpartiet prøver å svare ut eit avisinnlegg frå Høgre, der vi peika på at det er krevjande når Senterpartiet går ut og krev at all småkraft berre skal kunne finansierast med norsk kapital, og med det gjer det vanskeleg for norske bønder å bygge småkraftverk på eigedomane sine. I svaret tar ikkje Erling Sande opp utfordringane i det heile, men skriv berre om alt det negative han meiner skjer når folk frå andre land investerer i Norge.

Vi treng mykje kraft framover for å løyse utfordringane som ligg framfor oss. Mykje ny kraftkrevjande industri skal vekse fram rundt om i landet. Vi treng kraft til å produsere hydrogen og byggje batterifabrikkar. Vi skal ta vare på dokument, bilete og filmar av barna våre gjennom å byggja datasenter. Transportsektoren skal over frå fossil til elektrisitet. Vi treng altså kraft, og vi er imponert av den norske bonden som har gjort ein fantastisk innsats dei siste 20-åra med å byggja småkraftverk rundt om i heile landet.

Å byggje småkraftverk er kapitalkrevjande, og ein er heilt avhengig av ekstern kapital for å klare denne utbygginga. Eit kraftverk på 10 GWh (straum til 500 husstandar) kostar om lag 50 millionar å byggje ut i dag. Ein må kanskje inn med om lag 30% eigenkapital, og då seier det seg sjølv at her må dei fleste grunneigarar søkje hjelp for å realisere prosjekta sine.

Småkraftnæringa bidreg til ei stor verdiskaping i landet vårt. Eit gjennomsnittleg småkraftverk legg att 13,5 millionar lokalt og vel 13 millionar nasjonalt (Thema Consulting) i løpet av levetida til eit småkraftverk.

I sitt innlegg er Erling Sande meir opptatt av historieforteljinga til Høgre enn sitt eige parti. for det han kunne fortalt var kva nestleiaren Ola Borten Mo i Senterpartiet har meint om problemstillinga. Det kjem fram i Nationen den 22. mai 2013, då han var olje og energiminister: «Jeg har ingen problemer med at utenlandsk kapital tar del i en begrenset del av den store fornybare utbyggingen som nå skjer i Norge.» Då som no vil konsekvensen av å nekte kapital frå utlandet vere at det i mange tilfelle ikkje blir noko utbygging , og i neste omgang heller ikkje blir inntekter, verken til bonden eller til storsamfunnet. Ei heller vil vi få produsert fornybar energi.

No er det slik at norske bønder, som Høgre har den største tillit til, framleis vil eige fallet/naturressursen eller arvesølvet om du vil. Dei har sjølv tatt i vare omsynet til nasjonalt eigarskap gjennom utleige (ikkje sal), og privat avtalt heimfall av kraftverket etter mellom 40-60 år. Bønder og grunneigarane har altså vist seg stor tillit verdig når det gjeld å styre ressursane til det beste for seg og etterkomarane sine. Det synest eg òg andre parti skal ha tillit til at dei framleis vil gjere.

Senterpartiet og Erling Sande ønsker å endre noko som fungerer svært bra, og som har det gjort i lang tid. Det er stor byggeaktivitet i småkraftnæringa. Vi har ein svært dyktig, kunnskapsrik og oppegåande leverandørindustri som tener småkraftnæringa godt. Ordninga gir gode inntekter lokalt og nasjonalt, og nasjonalt eigarskap blir tatt godt vare på gjennom falleigarskapet. Og det blir altså produsert fornybar energi, noko vi vil trenge meir av i framtida. I det heile er dette ei god ordning for mange bønder på Vestlandet, som ikkje berre er avhengig av inntekter for seg og familien sin, men òg for å halde garden i god hevd. Desse verdiane kan lett forsvinne når Senterpartiet no vil stikke kjeppar i hjula for småkrafta.