Innlegg

– Kvifor kan ikkje kvart land ta seg av sitt eige avfall?

Det er jo kjempeflott at dette med plastforsøpling i havet er kome i fokus på seinare tid og at WWF har sett i gong aksjonar for å avhjelpe dette enorme problemet.

Vi må verkeleg koste for eigen dør, bruke mindre plast og oppdra oss sjølve og våre barn til ikkje å hive frå oss i hytt og pine, skriv Bodil Sønderland, Naturvernforbundet i Stad.  Foto: Privat/Presse

Meiningar

Her i Norge hadde vi nettopp dette som tema i den årlege TV-AKSJONEN og mange stilte opp for å få samla inn pengar.

Vi forfaser oss og det med rette, over at visse land i Asia ikkje minst, berre lempar over tonnevis med plast og annan søppel rett ut i havet. MEN – kva med rike land som Norge og andre land i Vesten, som gladeleg sender av garde mengder med avfall til nettopp desse landa, sjølv om man veit at dei ikkje har kapasitet til å resirkulere eller kvitte seg med dette på ein ordentleg måte? Utvikla rike industriland produserer mykje meir avfall per person enn fattige utviklingsland, så kvifor kan ikkje kvart land ta seg av sitt eige avfall?

Det er jo vel og bra at ein vil "etablere og forbetre eksisterande avfallssystemer for meir enn 900 000 menneske" i fire land i Søraust-Asia og lære ut korleis man kan bruke mindre plast og handtere hushaldningsavfall.

Det er også gledeleg å sjå på tv at ein no er begynt å resirkulere plastavfall i Norge i staden for å sende det vidare til Sverige eller Tyskland. Det blir jo også eit transportproblem når ein heller burde gå in for å minimere transportbehovet. Og vi må verkeleg koste for eigen dør, bruke mindre plast og oppdra oss sjølve og våre barn til ikkje å hive frå oss i hytt og pine. Det er lett å skulde på andre, men vi har sanneleg eit problem i våre vestlege land å ta fatt på.

Vi må gå til botns i dette problemet og sjå på sjølve produksjonsprosessen, erstatte plasten med nedbrytbart materiale der dette er mogleg. Om ikkje blir vi aldri kvitt dette svineriet.

Der må mellom anna bli strengare restriksjonar på plastindustrien og her må politikarar kome på banen, uansett kor lite populært det måtte vere.