Innlegg

Fadderveka høyrer studiestarten til

I år er arrangementa i samband med fadderveka viktigare enn nokon sinne.

Det er fult mogeleg å oppretthalde sosial kontakt dersom ein tenkjer smittevern. Vask hendene – hold 1 meters avstand, skriv Caroline Erviksæter, leiar i Forskerforbundet Student og Master student.   Foto: Presse

Meiningar

Det norske folk har heldt avstand til kvarande sidan i mars, og mange har ufrivillig vore utan sosial kontakt på same måte som før. Fadderveke arrangørane og utdanningsinstitusjonane har planlagt arrangement og sosialt samvær med alle nye studentar. Det har vore nøye planlegging med omsyn til regelverket for tiltak, for å hindre Covid 19 smitte.

At nokon av studentane ikkje føl regleverket må ikkje skuldas arrangørane. Uansett om det er studentar eller godt vaksne på ferietur som ikkje føl reglane, er dette eit eige ansvar som kvar enkelt har.

For å få den beste starten på studietida er det viktig å knyte kontakt og venskapsband mellom nye og etablerte studentar, kontaktar og band som er viktig for å fullføre studiane. Det er avgjerande for å unngå at nokon kan falle utanfor, også for den psykiske helsa til kvar enkelt.

Det er difor viktig at tradisjonen med fadderveka vert oppretthalden. Studentar må skjerpe seg å følgje til ei kvar tid gjeldande reglar rundt smittevern slik at ein unngår slike episodar som ein har sett i media i den siste tida. Det er fult mogeleg å oppretthalde sosial kontakt dersom ein tenkjer smittevern. Vask hendene – hold 1 meters avstand. Ha spriten på hendene å ikkje i magen.