Leiar

«Selje-barna» som ikkje får lære seg å symje

I oktober 2018 vedtok Selje kommunestyre at symjeanlegget og garderobane ved Selje skule skulle rehabiliterast. Prislappen den gong var 39 millionar kroner. Det var glede i bygda over vedtaket.

SELJE SKULE: Det er snart 16 år sidan bassenget vart stengt ved Selje skule.   Foto: Tormod Flatebø

Dei som lid er elevane som ikkje får den symjeundervisninga dei har krav på.

Meiningar


Så ille var forholda at Seljepolitikarane var skjemde over det dei fekk sjå på synfaring før vedtaket var i boks. Karakteristikken at det såg ut som i eit austtysk-fengsel vart brukt. Politikarane meinte at tida var overmoden for å få gjort noko.

Åra går. No er det snart 16 år sidan bassenget vart stengt, og endå lenger sidan ein har venta på at garderobane skulle fiksast.

I mange år har Selje kommune drive ulovleg – og har med vitande og vilje bryte opplæringslova.

Barna i tidlegare Selje kommune har langt frå fått den mengde symjeundervisning dei har krav på. I 2018 vart mengda auka frå latterlege to til fire timar i løpet av skuleåret, og elevane har i ein årrekkje reist til Åheim for å få desse få timane. Det er langt frå kva elevane har behov og krav på for å lære å symje. Og det i ein kystkommune, der bade- og båtliv er ein naturleg del av kvardagen.

No foreslår kommunedirektøren i nye Stad kommune at rehabilitering av symjebasseng og garderobar ved Selje skule vert skrinlagt. Ho meiner at det er rett tid for å vurdere om symjebasseng og fleirbrukshall bør sjåast på som eit felles prosjekt.

Kanskje kan det vere lurt, og kanskje bør ein tenkje det i samanheng med nye Selje Hotell som er under planlegging. Samlokalisering er trend i tida.

Men åra går. Dei som lid er elevane til tidlegare Selje kommune, som ikkje får den symjeundervisninga dei har krav på. Og slik kjem det tydelegvis til å verte i mange år framover.