Refleksjonar kring vindkraft

Refleksjonar kring vindkraft som sosial konstruksjon og legitimerande kommunikasjon – eller når eit verdispørsmål slår eit anna i hel…

Utbygginga av vindkraft på land må harmonere med lovverk og internasjonale konvensjonar som vi trudde hadde prioritet hjå styresmaktene, skriv Wenche Hovlid Sortvik, medlem av gruppa «Nei til vindmøller på Stad!», som har lagt ved dette biletet frå bygda Eltvik som ligg litt lenger vest enn Okla.   Foto: Privat

Meiningar

Nyttar vindkraftmotstandarar ein enkel retorikk i sin argumentasjon? Har vi ikkje forstått klimapolitiske problemstillingar – og har vi mangel på miljømedvit? Nei. Tvert imot ligg stor grad av miljømedvit bak den aukande motstanden.

Folk flest har kunnskap om at globale klimaendringar vurderast som ei av vår tids store miljøutfordringar. Dei fleste av oss er genuint opptatt av å fremje tiltak som tek i vare miljø og klima. Vi forstår alvoret. Vi innser konsekvensane for dei som kjem etter oss. Difor helste vi utbygging av fornybar energi til fordel for fossilt brennstoff, velkomen. Sjølvsagt skal Noreg ta del i ansvaret for å kutte klimagassutslepp i Europa! Den storstilte vindkraftutbygginga vi er vitne til i dag må forståast i lys av dette, og er eit resultat av politisk vektlegging (Fornybarinitiativet, 2001, Meld. St. 25, 2015-16). Vindkraft presenterast som eit viktig middel for å nå sentrale klimamål. Dei fleste av oss var i utgangspunktet positive. Det vart framstilt som grønt, fint og reint. Symbolet på sjølve klimadraumen. Noko som nærast umerkeleg ville «gli inn» i naturen. Slik var dei bileta vi fekk presentert, og dei konstruerte vår oppfatting av kva som var viktig. Det vart vår «kvardagssanning» om vindkraft som eit sentralt miljøbevarande tiltak, som vi måtte støtte opp under.

Vi gjorde det! Men etterkvart som stadig fleire sårbare område vert bygt ut, ser vi at etablering av vindkraftanlegg kan føre med seg ei konflikt mellom ulike miljøspørsmål. Vindindustriutbygging kan medføre ein trussel mot landskapsverdiar, naturmangfald og artsrikdom. Difor spør stadig fleire seg – korleis kan vindkraft som miljøvenleg energi vege opp for miljøskadeleg inngrep i urørt natur? Gjennom bileter av raserte landskap, konsekvensar for dyr- og plantars naturlege habitat, og berøring av livskvaliteten til menneske, forstår vi konsekvensane vindkraftutbygging kan få. Og, sjølv kor klimamedvitne vi er, så tvingar spørsmålet seg fram - kva skal vege tyngst - globale miljøtema, eller nasjonale og lokale landskapsverdiar? Kven skal eigentleg eige definisjonsmakta om kva som er eit gode eller ei ulempe for miljø og klima?

NVE, Noreg vassdrags og energidirektorat, har ansvaret for handsaming av konsesjon for bygging av vindkraftverk, og er ansvarleg myndigheit gjennom heile prosessen fram til vedtak. Det er av interesse å sjå nærare på kva argument som nyttast for å legitimere bygging av vindkraftverk, kva metodar som leggast til grunn og kva verdiorden som synast å ha forrang i NVE sine vurderingar kring konsesjon. Vi kan nytte eit konkret eksempel frå NVE sine saksdokument vedkomande den planlagde utbygginga på Stadlandet; Okla vindkraftverk. Ein kunne også nemnt andre konsesjonsvurderingar med liknande grunnlagsmateriale, men lat oss ta utgangspunkt i «Okla», sidan denne saka er av særskilt interesse nett no. Oppmoding om ny gjennomgang av konsesjonen frå 2013, er nemleg reist, og ein ynskjer fokus på både ny - og gamal dokumentasjon som grunnlag for konsesjonsvurderinga.

Kvar byrjar ein konsesjonsprosess til eit vindkraftanlegg? Jau, i botn ligg det vi kan anta er ei grunnleggande orientering; vindkraft er politisk ønskjeleg - eit nasjonalt og globalt satsingområde. NVE avgjer utgreiingsgrunnlaget i konsesjonsprosessen (NVE 2013) og ein kan undre seg over i kor stor grad dette påverkar kva som vert gjenstand for utgreiing – kor mykje det orienterer mot det som kan vere avgjerdsrelevant; altså det som kan føre til gjennomslag for eit konsesjonsvedtak. Ved lesing av bakgrunnen for konsesjonsgrunnlaget for «Okla», (NVE, 2013) er sentrale omgrep som nyttast ord vi kjenner best frå marknadsøkonomien. Det som vektleggast er godt produksjonspotensial grunna spesielt gode vindforhold. At det er eit veldig godt økonomisk og konkurransedyktig prosjekt. Vi får presentert ei talfesting på industriell effektivitet, kapasitet, lønsemd og produksjonsutbyte. Prosjektet omtalast også som gunstig grunna moderate nett-tilknyting og infrastruktur kostnader. Føremoner og ulemper ved «Okla», vert altså fyrst og fremst definert ut frå eit samfunnsøkonomisk perspektiv. Det er ein industriell verdiorden som leggast til grunn for legitimeringa av Okla vindkraftverk.

Det kan følast rart, til dels ut av proporsjonar, at marknadslogikk har forrang som vurderingskriter når det gjeld eit naturområde i Noreg som er eit kjent landemerke og som vert kartlagt som av stor nasjonal tyding (Norconsult, 2019). NVE er opptatt av å gjere sine prosessar til gjenstand for høyring. Det har dei også gjort i prosessen kring «Okla». I NVE sine vurderingar for konsesjon (2013) kan vi lese at mellom anna Riksantikvar og miljødirektoratet frårådde konsesjon, sidan det aktuelle område vart rangert i høgste konfliktvurdering (kategori E) med landskap, biologisk mangfald, kulturminner og kulturmiljø (NVE, 2013). Dei held fram at utbyggingsområdet har store verdiar knytt til naturtypar, fleire raudlisteartar, hekkande og trekkande fugl og ligg tett inntil freda naturreservat. Sjølv om også nyare saksopplysingar har kome til, er altså NVE kjend med dei unike verdiane til landskap, biologisk mangfald og kulturminner i fjellområdet industrianlegget planleggast bygd, på konsesjonstidspunktet (2013). Dei har høyrt, men dei lytta ikkje. Konsesjon vart likevel gitt. Som NVE sjølv formulerer: «Etter NVEs vurdering er de samlede fordeler ved etablering av Okla vindkraftverk med nettilknytning større enn de ulempene tiltaket medfører» (2013). Samstundes minnast det om at «den regionale planen for vindkraft inneholder en politisk del hvor det fremgår at Sogn og Fjordane skal legge til rette for en vindkraftproduksjon med samlet kapasitet på 1000 MW» (NVE, 2013). Det kan berre tolkast på eitt vis –  objektive, industrielle og marknadsøkonomiske verdiar tel meir i NVE sine faglege og skjønnsmessige vurderingar for konsesjon, enn verdiar som omhandlar natur- og landskapskvalitetar.

Det er ikkje mangel på miljømedvit som er grunnen til vår motstand. Nei. Vi er gjerne med på å nå regjeringas klimamål. Men ikkje for ein kvar pris. Utbygginga av vindkraft på land må harmonere med lovverk og internasjonale konvensjonar som vi trudde hadde prioritet hjå styresmaktene. Naturmangfaldlova (2009), som skal styrke gjennomføringa av Noregs internasjonale miljøforpliktingar i Konvensjonen om biologisk mangfald (1993). Den europeiske landskapskonvensjonen (2004), som forpliktar oss til å ivareta landskapsverdiane. Bodskapen frå FNs naturpanel (2019) som held fram at endring av arealbruk er den største trusselen mot artsmangfaldet på jorda, ein større trussel enn klimaendringar. Det er landskapets kvalitetar, naturmangfald og artsrikdomen som må avgjere om ei eventuell vindindustriutbygging kan finne stad. Elles endar vi der, at eit verdispørsmål slår eit anna i hel i kampen for å ivareta miljøet.